Hopp til innhold

Fredag startar snittmålinga i Lærdalstunnelen

Frå og med i fredag startar gjennomsnittsmålinga i Lærdalstunnelen.

Gjennomsnittsmåling i Lærdalstunnelen

SNITTMÅLING: No blir det gjennomsnittsmåling av farten din i Lærdalstunnelen.

Foto: Jon A. Lien / Statens vegvesen

– Du vil oppleve at kameraet, ved starten av målinga, blinkar svakt med raudt lys. Det same vil du oppleve ved passering av det andre kameraet i målestrekninga. Dette viser berre at kameraet tek bilete av bilen, forklarar avdelingsingeniør Jon A. Lien i Statens vegvesen.

Dersom du ikkje har køyrt for fort i 80-sona som er i heile tunnelen, vil biletet bli sletta med ein gong. Men dersom du har køyrt for fort, vil det blinke eit tydeleg varsellys om at biletet blir lagra og du kan venta deg ei bot eller i verste fall at førarkortet ditt blir kverrsett.

Lærdalstunnelen er 24,5 kilometer lang. Dermed kan du ikkje bruka kortare tid enn 18 minutt og 23 sekund gjennom verdas lengste biltunnel. Men boksane står nokre meter inn i tunnelen, så ikkje bruk dette talet slavisk ...

Oppstarten av målingane har vore utsett fleire gonger, og sjølv om boksane har vore montert ei stund har dei ikkje gjort målingar. Men frå fredag av kjem dei til å blinka om du køyrer fortare enn du har lov til.

– Dette tiltaket er gjort for å redusere farten og dermed auke tryggleiken i tunnelen, seier Lien.

Det vil bli fartstavler inne i tunnelen som billistane kan kontrollera farten sin opp mot.

– Men dersom du er usikker på din eigen fart, so slepp fordib dei som tek deg att, seier Lien.