Hopp til innhold

Høg fart og solid sladding

Breisladdar, svidd gummi og høg fart sette sitt preg på helga i Sogn.

Om lag 1200 personar fekk i helga med seg det første store driftingtreffet i Sogn og Fjordane.

– Der fekk dei sjå kontrollert breisladding på sitt beste. Sjåførar frå fleire stader i landet hadde tatt vegen til Sogn og NAF-bana på Kaupanger, og publikum blei ikkje skuffa, fortel Håvard Nesbø frå arrangøren.

Han kan røpe at dei gode besøkstala gav klingande mynt i kassa, og bidreg langt på veg til prosjekteringa av nytt og større baneanlegg for bilsport i Sogn.

– NAF Motorsport Indre Sogn håpar og få satt igang iløpet av det kommande året. Mange små og store blei ståande og måpe over den kraftige motorlyden og den massive blårøyken, fortel ein svært nøgd Nesbø.

Arrangørane lovar allereie no at det blir driftweekend til neste år.

– Vi planlegg også å få arrangert PowerDrift i Sogn, som er drifting sporten sin Norgescup, opplyser arrangøren.