Hopp til innhold

Fryktar sesongarbeidarar skal ta med seg smitte

Folketalet i bærkommunen Vik i Sogn aukar med 21 prosent når sesongarbeidarane kjem på sommaren. – Vi har ikkje kapasitet til å takle eit stort smitte-utbrot, seier ordførar.

Bringebær i plasttunnel på Vangsnes

BRINGEBÆRPLANTASJE: Bærdyrkarane er heilt avhengige av utanlandske sesongarbeidarar. Men no fryktar mange at dei vil ta med seg koronasmitte til Noreg.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Fleire små bær- og fruktkommunar fryktar for kva som kan skje når utanlandske sesongarbeidarar kjem i tusental for å hjelpe til på gardane.

Berre til landets største bringebærkommune, Vik i Sogn med 2.600 innbyggjarar, er det venta mellom 500 og 600 sesongarbeidarar i sommar.

– Det utgjer ein folketalsauke på 21 prosent, seier ordførar Roy Egil Stadheim (Ap).

– Virusutbrot kan bety kroken på døra

Stadheim seier at utlendingane bur tett, gjerne to på romma, og på brakker der dei deler både toalett og kjøkken.

– Får vi smitte her, kan dette føre til at heile brakka vert smitta. Og ikkje minst bonden sjølv og familien. Det kan verte kroken på døra for mange om dei får viruset inn på gardane sine.

Ordføraren fryktar konsekvensane om kommunen får eit større smitteutbrot. Han meiner bærkommunane er i same situasjon som dei store hyttekommunane.

Alt i starten av april skreiv Sogn Avis om bærprodusentar som sende brev til kommunen der dei uttrykte uro for situasjonen.

Roy Egil Stadheim

HAR SKRIVE BREV: Ordførar i Vik, Roy Egil Stadheim (Ap).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Har sendt brev til regjeringa

No har Stadheim sendt brev til regjeringa der han ber dei innføre ei frivillig ordning. Han ønskjer at bærdyrkarar som frivillig står over ein sesong skal få kompensert inntektstapet.

– Då hadde vi redusert talet på arbeidsinnvandrarar med kanskje halvparten. Ein slik kompensasjon er ein drope i havet i desse tider, meiner Stadheim.

Samstundes har staten og bondeorganisasjonane inngått ein avtale som sikrar bøndene pengar om avlingssvikten også skuldast mangel på arbeidskraft.

Om den avtalen gjeld bønder som frivillig let vere å tilsetje folk på grunn av smittefaren, er usikkert. NRK har bede landbruksdepartementet om ei presisering, men har så langt ikkje fått svar.

Har stilt ministeren spørsmål

Stadheim er usikker. Partifelle og stortingsrepresentant Ingrid Heggø kan heller ikkje svare på dette spørsmålet. Men Heggø ventar i alle fall spent på helse- og omsorgsminister Bent Høie sitt svar på eit skriftleg spørsmål ho nyleg sende han.

– Desse små bygdene vil ikkje klare å takle eit utbrot. Helsevesenet er ikkje rigga for dette. Difor har eg stilt spørsmål om dette er vurdert, og kva tiltak departementet eventuelt vil kome med for å hjelpe bygdene for å få tak i nok arbeidskraft, seier ho.

Ingrid Heggø

STILLER SPØRSMÅL: Stortingsrepresentant Ingrdi Heggø (Ap).

Foto: Arne Stubhaug / NRK