Hopp til innhold

Stor glede då hunden Sito blei funnen

– Gleda var stor, og det kom nokre tårer, seier ein glad hundeeigar Ole Ingar Bruflot i Naustdal.

STOR GLEDE: Borna var spente då bilen med hunden kom. Video: Kristine Slettehaug

For etter fleire dagar med resultatlaus leiting, blei hunden Sito endeleg funnen. Det var avisa Firda som først skreiv om leitinga etter hunden.

– Vi har tre ungar som var heilt i ekstase då hunden kom heim igjen, fortel Ole Ingar Bruflot.

Den 19 månader gamle hunden Sito forsvann laurdag under jakt.

– Vi var ferdige med jakta då hunden sprang ut då han fekk los på ein hjort. Eg hadde langlina på, noko som gjorde meg uroa. Eg var redd han skulle hekte seg fast i noko.

Hadde gitt opp

Hunden kom ikkje tilbake, og det har blitt leita frå tidleg morgon til seint på kveld i fleire dagar.

– Vi hadde kontakt med synske og leita der dei sa. Vi mista litt håpet då han ikkje var der.

Tysdag var mannskap frå Røde Kors med i leitinga, saman med Airlift som hadde drone med termisk kamera.

– Hunden blei ikkje funnen. og vi hadde eigentleg gitt opp. Men det var mange som ville vere med å leite, og etter ei stund fekk vi ein telefon om at hunden var funnen ved hovudvegen ved Reiakvam.

– Kva tenkte du då?

– Det raste ganske mykje gjennom meg, men eg ville sjå han før eg trudde det. Eg hadde gitt opp håpet.

Takksame for hjelpa

No ligg Sito som er ein wachtelhund, i senga si og kviler. Mat har han fått i moderate mengder.

– Han har blitt litt tynnare, men forma er ganske bra.

Han og sambuar Katrine Stubhaug er takksame for all hjelp dei har fått.

– Det er så mange som har stilt opp, og det er heilt utruleg å sjå engasjementet. Eg kan ikkje få takke dei nok, seier han.

Malin, Kristoffer og Hedda Bruflot

GLADE BORN: Malin, Hedda og Kristoffer Bruflot kosar med hunden som har kome heim igjen.

Foto: Kristine Slettehaug