Hopp til innhold

Dei merkar godt at stadig fleire no vil ha eigne straumaggregat

Mange fekk seg ein støkk då dei vart utan straum i dagevis etter orkanen Dagmar. Den vesle bedrifta Østerbø Maskin jobbar no på spreng for å greie levere aggregat til alle som vil ha det.

Steinar Holen ved Østerbø Maskin

STADIG STØRRE: Steinar Holen ved Østerbø Maskin fortel at kundane har behov for stadig større aggregat.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Bedrifta i den vesle grenda Østerbø på sørsida av Sognefjorden har fått ekstra draghjelp det siste året.

I romjula 2011 slo uvêret Dagmar inn over Vestlandet og fleire stader vart folk utan straum i både dagar og veker. No ser mange verdien av å ha noko i bakhand og det blir selt straumaggregat som aldri før.

– Det går veldig mykje til naudstraum. Det er til sjukeheimar, til offentlege bygg, skular, ja, alt mellom himmel og jord, fortel dagleg leiar Steinar Holen til NRK.no.

Vil ofte ha dobbelt opp

I lokala på Østerbø står det både små og store aggregat. Holen peikar på fleire av dei og fortel at kundane er mange og forskjellige.

– Dette skal til eit elverk, medan dette skal drifte eit setjefiskanlegg, forklarar han.

– Vi opplever eit veldig stort fokus på straumaggregat for tida.

Aggregata Østerbø Maskin leverer ut til kundane er i dag på storleik med ein liten container. Og trenden er at aggregata berre blir større.

– Det er ofte snakk om at kundane vil ha to aggregat, slik at det eine kan ta over for det andre om det skjer noko. Det vil seie at det er doble installasjonar og store aggregat, fortel Holen.

Det største aggregatet dei har levert var på heile 2200 KVA og vog 16 tonn.

(Artikkelen held fram under biletet)

"Dagmar" sine herjingar i Indre Nordfjord

STORE ØYDELEGGINGAR: Etter Dagmar sine herjingar var situasjonen kritisk fleire stader i fylket. At folk vart dager og veker utan straum gjorde situasjonen endå vanskelegare. No har mange teke lærdom av dette.

Foto: NRK/Torje Bjellaas

Dei som ikkje har råd til å miste straumen

Når Holen skal forklare kven det er som kjøper seg aggregat kjem svaret fort.

– Det er dei som rett og slett ikkje har råd til at straumen blir vekke. Er det snakk om timar vil dei få eit stort problem.

– Så dette er trass alt ei billig forsikring, seier den daglege leiaren.

Slike kundar kan vere alt frå flyplassar, ein moderne fjøs eller eit oppdrettsanlegg. Felles for alle er at dei er styrte av datamaskiner og robotar, og utan straum blir kvart minutt dyrebart.

Frå 12 til 40 KVA

Dei seinare åra har utviklinga gått fort, det som var rekna som eit stort aggregat for nokre år sidan, er no blitt langt mindre.

– Jordbruket har til dømes fått tyngre utstyr og mellom anna vaskeanlegg som krev mykje meir, seier Holen og forklarar at aggregata blir stadig større.

– Vi starta med 12 KVA, det var eit stort traktoraggregat då eg begynte her. Så kom 16 KVA, deretter 20 og så 27. No er det 40 KVA, seier Holen.

– Straumforbruket er mykje høgare og kundane krev mykje meir, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Aggregat klar til levering utanfor Østerbø Maskin

KLAR TIL LEVERING: Både inne og ute hos Østerbø Maskin står det aggregat klare til levering.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

– Dagmar har betydd ein god del

Og det er eit uvêr som har skapt denne ekstra etterspurnaden det siste året. Mange har framleis orkanen Dagmar friskt i minne, og når ein veit at det når som helst kan komme nye stormar gjer folk det dei kan for å ruste seg betre.

– Det er klart Dagmar har betydd ein god del, utan tvil.

– Spesielt i forhold til det offentlege, der det har kome kram om dekning både på straum og på telekommunikasjon og slike ting, seier Holen ved Østerbø Maskin.

Fekk fortgang i planane

Sven Flo, ordførar i Stryn

FORTGANG: Sven Flo som er ordførar i Stryn seier kommunen har teke lærdom av uvêret i romjula for litt over eit år sidan.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Ein av dei som har teke lærdom etter uvêret for litt over eit år sidan er ordførar Sven Flo i Stryn. Kommunen har der investert i eit nytt aggregat ved Innvik Omsorgssenter.

– Dagmar gav oss eit heilt anna perspektiv i forhold til kor viktig det er å ha aggregatløysingar i andre samanhengar.

– Mellom anna knytt til dette med kriseleiing og det å kunne ha ein organisasjon som er funksjonell og oppegåande, forklarar ordføraren.

Han legg ikkje skjul på at uvêret har fått kommuneleiinga til å ta grep.

– Dette gjorde til at vi fekk fortgang i ein del planar som kanskje hadde støva litt ned i Stryn, i forhold til det å skaffe seg aggregat.

Flyplass neste

Tilbake på Østerbø Maskin bur Steinar Holen og dei andre seg på den neste jobben.

Den neste store kunden er flyplassen i Ålesund. Dei skal ha to aggregat som kvar veg seks tonn. Ingenting å kvi seg for, seier Holen.

– Det er ein jobb på ein månads tid å få dei på plass.

Østerbø Maskin

DRAHJELP: Den vesle bedrifta har klora seg fast, og etter Dagmar har dei no fått drahjelp. Stadig fleire vil ha eit aggregat i bakhand når uvêret råkar neste gong.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK