Hopp til innhold

Dårleg flyvêr stoggar mastearbeid resten av året

Det dårlege veret i haust har ført til utsetjing av arbeidet med å byggje dei nye, store kraftmastene frå Fardal i Sogn til Ørskog på Sunnmøre.

Kraftline

OMFATTANDE: Arbeidet med 420V-linja mellom Ørskog og Fardal er i full gang. Men mastearbeidet er stogga for i år.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det har ikkje vorte arbeidd med å montere kraftmaster på Ørskog-Fardal-linja sidan midten av november, då arbeidet vart avslutta grunna dårleg ver i haust. Det skal byggjast 800 master mellom Fardal i Sogn og Ørskog på Møre.

Det italienske firmaet Consorzio Italia har strekninga Ørskog-Hundvikfjorden, medan det kroatiske firmaet Dalekovod skal setje opp master vidare ned til Sogn. Men i midten av november vart arbeidet lagt ned, ei vurdering teke på bakgrunn av det dåreleg haustvêret, seier informasjonsrådjevar i Statnett, Martha Hagerup Nilson.

Kjem att i januar

– Arbeidet er avslutta for året, men vi vil starte opp att i månadsskiftet januar / februar. Når ein byggjer master på ein måte som skal minimere inngrepet i naturen, så vert mastene flydd inn til kvart einskild mastepunkt med helikopter. Når det ikkje er flyvêr, så får ein heller ikkje bygd noko, seier Nilson.

Trass i stabilt vintervêr, vert ikkje arbeidet starta opp att før i månadsskiftet januar/februar. Først då kjem dei utanlandske arbeidarane tilbake frå Italia og Kroatia. Dermed vert linja ytterlegare forseinka.

Ligg etter skjema

I tillegg til vêrproblema har Statnett også hatt utfordringar knytt til fundamentarbeidet i haust. Dermed ligg Statnett noko etter skjema når det gjeld oppsetjing av master.

– Noko etterslep vart teke att på seinhausten og resten vil bli teke att i løpet av 2013 og 2014. Eg kan stadfeste at kvaliteten på arbeidet er veldig bra og utført i høve dei krava vi stiller, seier Nilson.