Hopp til innhold

- Statnett gamblar med Nausta

Forskar Morten André Bergan ved Norsk Institutt for vassforsking - NIVA - er sjokkert over at Statnett starta gravearbeid i Nausta utan å ha gjort vurderingar av konsekvensane.

Statnett har starta graving for å leggje ei eldre kraftlinje i kabel i elva Nausta. Arbeidet er godkjent av NVE, men elveigarane fryktar for laksen si gyting i elva som var landets nest beste lakseelv i fjor.

Graving i Nausta

Til Firda seier han at nedslammniga i verste fall kan ta livet av all rogn frå der gravearbeidet skjer og ned til sjøen.

Statnett starta tysdag med å grave i Nausta for å legge ein kabel i røyr i elva. Onsdag var elva grå av leire frå gravinga, skriv Firda. Den gamle kraftlinja som kryssar dalen skal gravast ned i elva. For åssidene må gi plass til Statnett si nye gigantlinje på Vestlandet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Morten Andre Bergan

- UBEGRIPELEG: Forskar Morten André Bergan.

Foto: Tone Iversen / NRK

– Ubegripeleg

Til NRK.no presiserer Bergan at han ikkje har vore på staden og sett på inngrepet, men han er rysta over at slikt arbeid kan bli sett i gang utan at det blir gjort ei vurdering av kva det kan føre til.

– For oss som ser på saka som utanforståande er det heilt ubegripeleg at dei gjer det på denne måten. I verste fall risikerer vi å miste all rogn som er gytt frå inngrepsområdet og nedover, i beste fall kan det gå bra.

(Artikkelen held fram under biletet)

Slam i Nausta etter gravearbeid

MYKJE SLAM: Elva er delvis gråfarga etter gravearbeidet.

Foto: Stig Indrebø / NRK

– Gamblar med elva

– Poenget er at dei gamblar med denne elva som er viktig for lokalsamfunnet og som er eit nasjonalt laksevassdrag. Grunneigarane har brukt mykje tid og pengar på å byggje opp ein laksestamme.

Bergan meiner Statnett burde ha kopla inn fagfolk som fiskeforskarar som kunne ha vurdert når det var mest gunstig å gjere inngrepet.

– Misfarga, men ufarleg

Men kommunikasjonsrådgjevar Martha Hagerup Nilsson i Statnett meiner dei har sitt på det tørre.

– Vi prøvde først å bore oss ned under elva, men vi trefte på fjell, og dermed var einaste løysinga å grave ei grøft over elva. Dette arbeidet er godkjent av elveeigarlaget, av dei næraste grunneigarane, av Fylkesmannen og NVE.

– Vi har ein solid miljøplan som blir fylgd til punkt og prikke for å minimere eventuell skade på gytande fisk. Elva ser misfarga ut, men denne misfarginga er heilt ufarleg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gravearbeid i Nausta

KABEL SKAL KRYSSE NAUSTA: Kabelen blir greven ned i elvebotnen.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Elveeigarlaget reagerer

Eiliv Erdal i elveeigarlaget i Nausta meiner det ikkje stemmer at grunneigarane har gjeve løyve til gravinga.

– Vi i elveeigarlaget hadde ein uttale i januar i år, og då sa vi at vi ikkje ville ha graving. Skulle det likevel skje, så understreka vi at gravinga måtte føregå på eit mest mogleg skånsamt tidspunkt for laksen, seier han til NRK.no.

– Andre stader har dei dessutan laga ei slamdemning. Kvifor ikkje her, spør Erdal.