Hopp til innhold

Stogga 20 råkøyrar på berre tre timar

UP-patruljen måtte hyppig fram med bøteblokka under fartskontrollen på E39 på Byrkjelo. – 20 førelegg på berre tre timar må vi seie er mykje.

Elling Krogen i UP

KONTROLL: Elling Krogen (bilete) og makkeren Bjarte Aasen i UP måtte vinke inn 20 hastige bilistar i løpet av nokre få timar.

Foto: Bjarte Aasen/UP

Det seier Up-betent Elling Krogen som saman med makker Bjarte Aasen i dag hadde stilt seg opp i 60-sona på Fløtre på Byrkjelo. Forbi dei susa altfor mange med for høg fart.

– Dette er ei bein strekning, og eg trur det er mange som gløymer tenkje på at det er mange som går langs denne vegen. Her er mange stikkvegar, busstopp, og det er ungar som kjem frå skulen, seier han.

- Ikkje mykje som skal til

Politiet legg ikkje skjul på at 20 førelegg på få timar er ille. Høgste målte fart var 83 kilometer i timen, med 86 km/t hadde politiet teke beslag i førarkortet.

– Sju av dei 20 førelegga vart gitt til tunge køyretøy. Når eg veit kva stopplengde dei har med ein slik fart, så er det nedslåande, seier Krogen.

Han seier dei med ujamne mellomrom har kontroll på denne strekninga, og at dei ofte ser folk som går langs vegen.

– Vi veit kor fort ulukker kan skje, og det er ikkje mykje som skal til. Det er difor viktig for oss å vere synlege, og vi kjem til å vere her fleire gonger, varslar UP-betjenten.

- Viktig at vi er synlege

Han seier eit viktig fokus for UP er strekningar med nedsett fartsgrense til 50 og 60 km/t, spesielt der det ikkje er gang- og sykkelveg.

– Det er strekningar der det veldig fort kan skje ulukker. Det er viktig for oss å vere synlege, og at folk skal kjenne på at dei kan bli tekne om dei køyrer for fort, seier han.

UP-patruljen i Nordfjord er på vegane for tredje året, og Krogen seier dei har sett ei endring i trafikkåtferd, spesielt blant dei lokale førarane.

– Vi ser ei viss endring i forhold til lokaltrafikk, der folk er bevisste på at det til dømes kan vere fotgjengarar. Der har farten gått ned.

– Men vi har mange kontrollar på E39 og riksveg 15, der det er mykje gjennomgangstrafikk, og der ser vi at tala på førar som bryt fartsgrensa er ganske stabile, seier Krogen.