Hopp til innhold

24 fekk bøter - fire mista lappen

Fire bilistar må ta beina fatt etter ei rekkje trafikkontrollar i Stryn i kveld. I tillegg vart over 20 bilistar nokre tusenlappar fattigare.

Up-patrulje

ILLUSTRASJON: Utrykkingspolitiet har torsdag halde fleire kontrollar i Stryn.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Både tusenlappane og førarkorta fekk bein å gå på i Stryn torsdag ettermiddag og kveld.

I løpet av tre kontrollar tok Utrykkingspolitiet hand om ikkje mindre enn fire førarkort og skreiv ut 24 forenkla førelegg.

– Vi har ein sivil UP-patrulje på besøk i fylket. Når vi har fleire patruljar ute, så gir det resultat, seier operasjonsleiar Hans Petter Harlem hos Sogn og Fjordane politidistrikt.

Tok fire førarkort

Og det er ikkje berre tale om fartsoverskridingar så vidt over grensa. Enkelte av dei som mista førarkortet, kan skildrast som svært grove overskridingar av farten.

Ein ung mann vart målt til 123 km/t i 80-sona i Oppstryn. Sivilt UP målte ein bilist til 148 km/t i 90-sona på Strynefjellet. Same patrulje målte også ein bilist til 76 km/t i 50-sona. I alt tok den sivile patruljen beslag i tre førarkort.

– Det er alvorleg høg fart. Her er førarkortet beslaglagt og føraren meldt. Saka blir vidare etterforska av politiet, seier Harlem om 148 km/t på Strynefjellet.

Åtte bøtelagt

– Men det gjeld også 76 km/t i 50-sona, legg Harlem til.

UP-patruljen bøtela ytterlegare åtte førarar for fartsoverskridingar, medan ein bilist blir meld for å ikkje ha førarkort.

Ved Fosnes, også det på riksveg 15, fekk fire førarar forenkla førelegg for høg fart i 60-sona. Høgste målte fart her var 83 kilometer i timen.

Vil vere synlege

Heller ikkje bilistane som skulle forbi Olden unngjekk å bli kontrollerte. Her fekk 12 førarar forenkla førelegg, høgste målte fart var 66 km/t.

Harlem seier det i helga er Motorfestival i Stryn. I den samband ynskjer politiet å vere godt synlege. Noko ein trygt kan seie dei var torsdag.

– Det er venta ein del tilreisande, og då ynskjer vi å vere synlege. Det greiaste er eigentleg å berre oppmode folk om å ta det med ro, vise omsyn både til trafikantar og trafikkreglane, avsluttar Harlem.