Hopp til innhold

Stiller ultimatum i sjukehusstriden

Liv Signe Navarsete (Sp) vil ikkje sitje i ei regjering som legg ned lokalsjukehus med viktige akuttfunksjonar.

Liv Signe Navarsete

ULTIMATUM: Liv Signe Navarsete godtek ikkje at Senterpartiet sit i ei regjering som legg ned lokalsjukehus med viktige akuttfunksjonar utan å erstatte desse med tilsvarande tilbod i nærleiken.

Foto: Heiko Junge / Scanpix

- Det at vi no seier ifrå, handlar om ein storm av oppmodingar frå rundt om i landet, der ein no ser at det blir lagt fram forslag om nedlegging av sjukehus og viktige funksjonar, seier Navarsete til NRK Dagsnytt.

Senterpartileiaren stiller no ultimatum til si eiga regjering: Partiet vil ikkje vere med i ei regjering som legg ned lokalsjukehus med viktige akuttfunksjonar - med mindre dei vert erstatta av eit tilsvarande tilbod i nærleiken.

Demonstrasjonar i Kristiansund

Det stormar rundt fleire helseføretak i landet om dagen. I Møre og Romsdal er nabobyane Molde og Kristiansund involvert i ein dragkamp om plassering av ulike funksjonar på dei to sjukehusa i byane.

I går vart helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen møtt av tusenvis av demonstrantar då ho vitja Kristiansund.

Samstundes greidde ikkje fylkestinget i Sogn og Fjordane å komme til semje om ei høyringsuttale i sjukehussaka.

Viser til Soria Moria 2

Her i fylket har Helse Førde føreslege å gjere lokalsjukehusa på Eid og i Lærdal om til lokalmedisinske senter, noko som har ført til høglytte protestar.

No viser Liv Signe Navarsete til at regjeringa i Soria Moria 2 har sagt at den ikkje skal leggje ned lokalsjukehus.

- Kan ikkje sitje i ro og sjå på

- Dette er ei viktig sak, fordi det er strukturar og tilbod som held velferdssamfunnet oppe rundt omkring i landet, seier Sp-leiaren.

- Kvifor er saka så viktig at du er villig til å satse regjeringsmakta på det?

- Eg trur ikke dette går så langt at vi kjem dit. Soria Moria 2 er veldig klar på dette området: Vi skal ikkje leggje ned lokalsjukehus som ikkje får erstatta tilbodet i nærleiken. Vi kan ikkje sitje i ro og sjå på at folk mister tilbodet sitt, seier Navarsete.