Hopp til innhold

Stille etter stormen, og straumen er tilbake

Ekstremvêret Nina fauk over fylket laurdag kveld og natt. Til no har ikkje politiet eller andre fått meldingar om store skadar.

Det er førebels ikkje rapportert om store skadar i fylket etter ekstemvêret Nina.

SKADAR: Til no er det ikkje meldt om store skadar etter at ekstremvêret Nina kom inn over fylket laurdag kveld. Vinden røska godt, som her i Florø, då det stod på som verst.

Foto: Truls Kleiven

– Det har vore ei roleg natt. Vi har ikkje fått inn meldingar om uvêret. Det næraste vi har var melding om nokre kraftlinjer som slo saman i Fjaler og skapte lysglimt i ei fjellside, fortel Inge Værøy.

Søndag morgon såg det ut som det var straumkundar i Sunnfjord som hadde fått merke ekstremvêret i størst grad. Klokka 14:30 melder Sogn og Fjordane Energi at alle dei 400 som var råka av straumbrot i Askvoll frå laurdag kveld har fått straumen tilbake.

– Straumen er venta tilbake hjå alle utpå dagen. Vi reknar Nina som ferdig, og selskapa avsluttar beredskap utover det løpande behovet, skriv Asgeir Aase, som er distriktssjef for kraftforsyninga i fylket, i ei pressemelding.

Straumfeila retta

Klokka 14 melder Sunnfjord Energi at alle feil skal vere retta på linja. Det vart tidlegare meldt om feil, mellom anna i Fjaler og Gaular.

Sognekraft melder søndag lokka 14, at dei som tidlegare har vore utan straum skal ha gått den tilbake.

Ikkje så gale som frykta

Laurdag kveld vart det også meldt om feil på nokre av Telenor sine basestasjonar, men eit fåtal abonnentar er råka av feila. Søndag morgon ser teleselskapet nokså lyst på situasjonen.

– Det gjekk betre enn vi frykta. Totalt er tolv basestasjonar ute i Sogn og Fjordane, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen.

Hyllestad er den kommunen som er hardast råka, og som kan ha visse utfordringar meiner selskapet. Dei er førebels ikkje ferdige med alle analysar der, men to av seks basestasjonar er ute, og 203 fasttelefonkunar og 56 nettkundar er utan linje. Også Solund har nokre problem, med 43 fasttelefonkundar utan summetone og 68 breibandkundar som må klare seg utan nett ei stund.

– Det er ingen dramatisk situasjon. Hovudutfordringa vår er at vi er avhengige av ferjetrafikken for å kome oss ut på øyane for å rette feil, og vi har framleis ikkje full oversikt over det, seier Amundsen.

Kan endre seg når det lysnar

At Nina feia over fylket med mindre kraft og utan dei store skadane er eit inntrykk som også Alarmsentralen sit att med.

– Det har vore veldig stille. Eg var budd på ei tøff natt, men vi har ikkje hatt nokon oppdrag i tilknyting til uvêret, fortel Siv Sørstrand.

Det er framleis mørkt, så det kan vere gjort skade på eigedomar og utstyr utan at folk har fått oversikt-

– Det kan kome slike meldingar om naturskade når det lysnar, men det er truleg forsikringsselskapa som får det i fanget, seier Varøy.