
Stig Nord. Arkivfoto NRK
Sogndal Fotball er ferdige med personkabalen rundt a-laget neste år, og kalla inn til pressekonferanse klokka 15 onsdag. Der kunngjorde sportsleg leiar Anders Giske at Stig Nord tek over som førstelagstrenar.
Møte i dag
Nord og Sogndal-leiinga var i møte tidlegare på dagen, etter at samtalane mellom dei vart innleia før helga. Nord trenar i dag Førde i 3. divisjon, og har tidlegare spelt ei rekkje sesongar i Sogndal-drakta.
Tek til straks
Nord tek fatt på trenargjerninga straks, men vil ikkje styre treningane før etter nyttår. Han avløyser Trond Fylling, som ikkje hadde suksess som Sogndal-trenar. No blir det Nord sin jobb å få Sogndal på beina att.
Fleire sa nei
Vegard Skogheim, Dag Opjordsmoen og Thomas Berntsen har alle takka nei til å bli hovudtrenar i Sogndal, og kontakten med Nord vart oppretta før helga.
Kort møte
Nord har til no trent Førde i 3. divisjon, og har tidlegare vore talentansvarleg i Sogn og Fjordane Fotballkrets. Nord og sportsleg leiar i Sogndal, Anders Giske, hadde møte onsdag, og etter eit relativt kort møte vart det klart at eidaren tek styringa over 1. divisjonsklubben.