Catrine Høydal Johansen er ein av ni ungdomar i bygda som har skrive eit lesarinnlegg i lokalavisa. Og årsaka til protesten er at dei er redde for den voldsdømde og tunge psykiatriske pasienten. For sjølv om kommunen lovar at to personar skal halde kontinuerleg vakt føler dei seg ikkje trygge. - Vi har hatt ei rolig bygd der vi alltid har kunne bevege oss trygt, seier ho. No er dei skremde med tanken på at mannen kanskje kan komme seg vekk frå dei to vaktene.
Opprør i Rognaldsvåg
Og Høydalen er ikkje fyrste bygda som har gjort opprør mot planane til kommunen. For opphavleg ville Flora kommune plassere mannen på Rognaldsvåg. Men etter kraftige protestar frå bygdefolket, med folkemøte og stor mediaomtale snudde bystyret. No prøvar dei i Høydalen, men denne gongen seier Bente Frøyen Steindal at det ikkje er ei politisk sak. Ho seier kommunen er pålagt å finne ei løysing.
Catrine Høydal Johansen meiner det er tull, og at politikarane har ansvar. - Dei står jo øvst og bestemmer, seier ho. Ungdommane meinar difor at også utplassering i Høydalen må behandlast politisk. Ho håpar dei tek omsyn til dei som bur der og er redde. Men Frøyen Steindal er kategorisk på at politikarane i kommunen ikkje skal behandle denne saka.
Fullt forsvarleg
Det er fullt forsvarleg å busette ein tidlegare straffedømd psykiatrisk pasient i den vesle bygda Høydal i Flora. Det seier tenesteleiar Lasse Seim i Flora kommune - trass i dei sterke protestane frå bygdefolket. Seim seier det føreligg ei grundig fagleg vurdering bak at mannen skal busettast i ei bygd. Han har forståing for innbyggjarane si redsle, men meiner at med dei tiltaka som er satt i verk rundt mannen er tilbodet sikkert også for nærmiljøet.