Hopp til innhold

Sterke krefter vil ha slipstvang på Stortinget

Påstandar om lurvete klede og manglande etikette skaper slips-bråk på Stortinget.

6gqne6lX5-g

SKJERPINGS: Fleire på Stortinget etterlyser klarare retningslinjer og «slipstvang» på herresida. Av omsyn til omgivnadene så vel som ferske representantar som ikkje veit sin arme råd.

Foto: NTB

Trass klare instruksjonar om å unngå «jeans, shorts, joggesko, sandalar, supporterskjerf og klovnenase(!)» har stortingspresidenten fleire gonger dei siste åra vore nøydd til å ty til sanksjonsmiddelet «refs» for å få skikk på landets folkevalde.

No tek fleire på Stortinget til orde for slipstvang, eller i det minste «slips-skam».

Altså skarpare fordømming av dei som ikkje lever opp til kleskode-standarden slik han er definert i handboka i Stortinget.

– Slips er det einaste passande for oss mannfolka frå talarstolen, seier stortingspresident Masud Gharahkhani til NRK.

Han sørgjer over at fleire av representantane ganske enkelt ikkje meistrar kunsten å knyta ein skikkeleg slipsknute.

Den kampen har eg gitt opp, seier han.

Stortingspresident Masud Gharahkhani

– Presidentskapen har somme gonger måtta påpeika at her bør ein jobba litt ekstra med kledningen, seier stortingspresident Masud Gharahkhani. 

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Her er så underleg

Når Sverre Myrli (Ap) kikkar seg omkring i stortingssalen, hender det han spør seg om han har komme på ein campingplass eller på Sankthans-feiring. Han tidfestar syndefallet til 1997.

Fram til det var det ingen som tulla med dette, bortsett frå Erling Folkvord og ein og annan SV-ar. No har det sklidd heilt ut, og eg kjempar kvar dag for å få igjen anstendigheita i stortingssalen, seier han.

Han legg til:

No er det til og med mange Høgre-representantar som droppar slipset. Kva er det som skjer? Forfallet er komplett.

Sveinung Rotevatn (V) seier til NRK at det å droppa slips på Stortingets talarstol er «cirka like kult som å gå med artige sokkar eller ungdommelege joggesko».

Vaksne folk må læra å kle seg, seier han.

Han presiserer at liberale refleksar hindrar han frå å vilja påby slips.

Erling Folkvord

Deler av motepolitiet har framleis augeskadar etter at Erling Folkvord (R) stilte opp i denne habitten hos TV 2.

Foto: Skjermdump

«At slipset strammar litt i halsen er prisen me betaler for sivilisasjon», skriv tidlegare Høgre-statsråd Torbjørn Røe Isaksen i kommentaren «Eit forsvar for slipset».

«Det vesle, unyttige tøystykket løftar oss ut av kvardagen og over til noko anna, noko opphøgd», skriv han.

Han beklagar seg derfor over at klesdrakta er «varig svekt» som følgje av tre utilrådelege samfunnsendringar:

  • Vår tids nytte- og funksjonalitetsregime, der alt som ikkje er «nødvendig» blir effektivisert vekk.
  • Joggebukse- og heimesubbing-mentaliteten som oppstod under pandemien.
  • Radikale frigjeringsstrategiar mot «tyngjande sosiale konvensjonar», signert venstresida generelt og Erling Folkvord meir spesielt.

Raudt-representanten har tidlegare samanlikna slipset med ein borgarleg hersketeknikk frå Stortingets talarstol.

Hadia Tajik i 2010

Hadia Tajik fekk ikkje refs frå stortingspresident Dag Terje Andersen for skjerfbruken i 2010, men fekk kraftig kritikk frå stortingskollega Arne Sortevik (Frp).

Sverre Myrli (Ap) under Stortingets spørretime. Han sitter med nedre del av ansiktet hvilende i høyre hånd. Han har briller med sort innfatning, midtskill og mørk blå dressjakke. Skjorta er lys blå og på venstre jakkeslag har han en Arbeiderpartiet-rose-pin.

– I tillegg til desse kvite joggeskoa blir no også brukt store, klompete sko som ser ut som vernesko. I går måtte eg spørja ein medrepresentant om han skulle ut og grava grøfter etter stortingsmøtet, seier Sverrey Myrli (Ap). 

Muntlig spørretime på Stortinget

Sveinung Rotevatn er kritisk til skjortene til Venstre-kollega Alfred Bjørlo, men glad for at han brukar slips.

Fleire folkevalde har vorte klubba ned

Stortingets reglar for etikette og kleskodar er definerte i Stortingets protokoll-handbok, og føreskriv reglar både for «uformelt antrekk» og «dagleg fint antrekk».

I det siste tilfellet: «Mørk blå eller grå dress, kvit eller lys blå skjorte, slips med diskret mønster, enkle mansjettknappar og slipsnål.»

Likevel er det fleire døme der folkevalde har vorte klubba ned av stortingspresidenten av omsyn til den offentlege konduiten.

I siste utgåve av Stortingets forretningsorden (2021) står det at presidenten «ved fleire høve har påtalt representantar som har hatt på eller med seg ulike rekvisitt i stortingssalen, som til dømes ei T-skjorte påført ein politisk bodskap, ein sykkelhjelm eller ei røyrpostpatron».

Blant lovbrytarane er «the usual suspects» som Steinar Bastesen, Hallgeir Langeland, Rolf Reikvam og Heikki Holmås.

Men også presumptivt veloppdragne kandidatar, som Kristin Halvorsen (for kort skjørt), Bård Vegar Solhjell (t-skjorte), Marianne Marthinsen (leggvarmarar og vinterstøvlar) og Trond Jensrud.

Sistnemnde vart ikkje refsa, men vart spurd av dåverande stortingspresident Jo Benkow «om han hadde vurdert å bruka slips på Stortingets talarstol».

Vereide

– Det gjekk kanskje litt fort i svingane sist torsdag, erkjenner Torbjørn Vereide (Ap). Han meiner likevel han har funne den rette parlamentariske balansen mellom kvardag og fest i det daglege stortingsarbeidet, og presiserer at han «kler seg opp» om for eksempel kongen eller den ukrainske presidenten kjem på besøk. – Eg gjer skil på Volodymyr Zelenskyj og Sveinung Rotevatn, seier han.

Foto: Skjermdump

Litt styr må det vere

– For oss som er oppdrege med slipstvang og salmesong i gamle fylkestinget i Sogn og Fjordane ser eg det som ein sjølvfølge å ha på slips på Stortingets talarstol, seier stortingsrepresentant for Senterpartiet, Aleksander Øren Heen.

Han legg til:

Litt styr må det vere, av respekt for veljarane, sakene og institusjonen Stortinget.

Fastare rammer har òg vore etterlyst av ferske stortingsrepresentantar i overgangen til ei ny scene.

Eg kom rett frå Blindern, gjekk i jeans og T-skjorter og hadde ikkje respekt for etikette og kleskodar. Det var også urettferdig at menn berre kunne ta på seg ein stygg og slaskete dress. For damer var det heilt udefinert kvar lista låg, sa tidlegare Ap-politikar Marianne Marthinsen til Agenda Magasin i 2016.

Stortingspresident Masud Gharahkhani understrekar at representantane «stort sett» utviser vørdnad for omgivnadene på Stortinget, og at han har lagt merke til at fleire kollegaer «hjelper kvarandre i nød, også på tvers av parti».

– Kanskje den eine har gløymt dressjakke, medan ein annan har ein ekstra hengande. Det er noko rørande i det, sjølv om jakka ikkje passar heilt perfekt.

Heikki Holmås

Heikki Holmås fekk kjeft frå stortingspresidenten då han gjekk med Brann-drakt på Stortinget. Det same gjentok seg då han gjekk med sykkelhjelm inne.

Alexander Zlatanos Ibsen

- Det har ein viss effekt at mannlege representantar som kler seg sjuskete, viser seg akkurat som dei radikalarane dei er. Når det er sagt, ville eg forsvart slipstvang om det fanst ein slik frå før, seier Minerva-redaktør Alexander Zlatanos Ibsen.

Steinar Bastesen

Si kva du vil om Steinar Bastesen, han hadde sin eigen stil.

Statssekretær Aleksander Øren Heen.

– For oss som er oppdrege med slipstvang og salmesong i gamle fylkestinget i Sogn og Fjordane ser eg det som ein sjølvfølge å ha på slips på Stortingets talarstol, seier Aleksander Øren Heen (Sp). Her utandørs.

Stortingets spørretime

– Litt allmenn moralsk fordømming av slaskete antrekk er eit grunnleggande positivt trekk ved ein kvar sivilisasjon, så det vil eg oppmoda til, seier Sveinung Rotevatn (V).