Hopp til innhold

Sterke jølstringar til handbak-EM

I mai set fem jølstringar kursen mot Polen for å delta i EM i handbak.

Arthur Haltvik, Ottar Berg og Jørn Kjelsnes

Arthur Haltvik, Ottar Berg og Jørn Kjelsnes håper å gjere det godt under EM i Polen. Her frå eit tidlegare meisterskap,

Foto: Privat

Leiar i Jølster Handbakklubb, Ottar Berg, er ein av dei fem sterke karane som er uttekne.

– Vi fekk beskjeden fredag kveld. Jølster har den nest største handbakklubben i Norge, og vi har fått med fem deltakarar av ei pulje på 15. Det tykkjer vi er veldig bra, seier han.

Inspirert av sterk mann

Berg har vore med på fleire store meisterskap før og har ein 6. plass frå EM i 2008 og ein 6. plass i VM frå 2010 å vise til. Under årets meisterskap håper han å tangere tidlegare resultat.

43-åringen har drive med handbak sidan 1991. Han blei inspirert då Europas sterkaste mann, Torkel Ravndal, reiste rundt og heldt oppvisningar. Handbak var ein del av showa til den sterke rogalendingen.

Tungt arbeid – mykje trening

Berg jobbar no som entreprenør i eige betongfirma. Det kjem godt med når ein driv med ein sport som handbak.

– Eg har alltid jobba i bygg- og anleggsbransjen og mykje tungt arbeid har gitt meg mykje god trening.

Men handbak er ikkje berre styrke, like viktig er god teknikk og kondisjon. Det blir treningar tre-fire gonger i veka.

– Vi trenar allsidig, som til dømes langrenn og fjellturar. Men vi trenar sjølvsagt mykje med apparat og mot kvarandre. Det mentale er også viktig og vi er fokuserte på det heile tida.

– Må ein ha store musklar for å vere god?

– Ikkje nødvendigvis. Det handlar mykje om å vere senesterk og seig, for vi vrir og vrengar mykje på armen medan vi held på.

Aldri handbak på fest

Håndbak

HANDBAK: Ein kamp varer frå nokre få sekund til fleire minutt.

Foto: Lene Granli / NRK

Dei fleste av oss har vel prøvd armbak av og til. Men ei sak er Berg heilt klar på, han bryt ikkje handbak med folk på fest.

– Det manglar ikkje spørsmål om det, for det er mange som har lyst prøve seg. Men eg seier alltid nei til det.

No ventar fleire månader med opplading før den store meisterskapen i Polen.

– Det blir fullt trøkk og maks fokus framover. Først skal vi til eit stemne i Sverige der vi skal gi alt vi kan.

Dette er dei fem jølstringane som er plukka ut:

  • Jan Erik Sunde, 39 år – Senior, 65-kilosklassen
  • Stian Fenne, 18 år – Juniorklassen
  • Arthur Haltvik, 40 år – Handikapklassen
  • Jørn Kjelsnes Frivik, 22 år, Handikapklassen
  • Ottar Berg – Masterklassen, 100 kilo