Som 15-åring fekk han hjerneslag - no er han norsk meister i handbak

For sju år sidan fekk han hjerneslag og vart lam i halve kroppen. No er 22-åringen frå Jølster NM-meister i handbak.

Jørn Kjelsnes Frivik, saman med fleire andre frå handbakmiljøet i Jølster

NM-MEISTER: Som 15-åring fekk Jørn Kjelsnes Frivik hjerneslag. No er han norsk meister i handbak.

Foto: Privat

Den 16. november i 2004 vakna Jørn Kjelsnes Frivik opp og var lam i halve kroppen. Etter mange år med tøff trening hevdar han seg no heilt i toppen av handbakeliten.

I helga tok han NM-gull, men han har ikkje tenkt å gje seg med det.

– Eg skal halde fram med å trene og neste gong skal eg vere endå sterkare, smilar Kjelsnes Frivik.

– Eg prøvde røyse meg, men berre datt

Den unge jølstringen ser lyst på livet no. Men det har ikkje alltid vore så enkelt. Som 15-åring fekk han hjerneslag.

– Først vart eg lamma i halvparten av kroppen og eg kunne ikkje prate, fortel 22-åringen.

Det var hausten 2004 at livet snudde seg opp ned for før så friske guten. Då han vakna opp den 16. november 2004 kunne han berre seie ja og nei.

– Det var veldig rart. Den dagen eg fekk hjerneslag skjønte eg ingenting. Eg prøve å røyse meg fleire gonger, men berre datt saman. Det var ei ekkel kjensle, seier Kjelsnes Frivik.

– Eg er glad eg lever

Før slaget ramma hadde han vore sjuk i 14 dagar. Men ingen trudde det var noko anna enn ein vanleg influensa. Det viste seg å vere feil.

No, sju år etter ser han likevel lyst på livet.

– Eg er glad eg lever. Sjølv om det ikkje berre har vore enkelt, så er eg glad uansett, seier 22-åringen.

Trenar iherdig, nesten dag og natt

Det har blitt mykje trening for å kome tilbake til eit mest mogleg normalt liv. Det har vore mange tøffe år, og for to år sidan kom han inn i handbakmiljøet i Jølster. Der han gjort suksess, og med friske venstrehanda sikra han seg NM-gull i helga.

Mor til Jørn, Bente Iren Kjelsnes har følgt guten sin tett i både konkurransar og trening. Ho er imponert over det han har fått til, trass handikapet sitt.

– Han er veldig iherdig. Eg skal ikkje seie han trenar dag og natt, men det er nesten heile tida, seier Kjelsnes.

– Løftar på fjernsynet heile tida

Ho får stadig sjå korleis ungguten testar styrken.

– Han driv å løftar på fjernsynet, opp og ned. I tillegg trenar han mykje med strikk, og med veldig tunge vekter, fortel mora som kjem til kort når ho skal rydde i vektrommet.

For Jørn sjølv betyr det å vere ein del av handbakmiljøet mykje. Etter å kunne smykke seg med gullmedaljen har han ikkje tenkt å gje seg.

– No skal eg berre bli endå sterkare!