Hopp til innhold

Sterk sesongopning av Kjerpeset

Øyvind Strømmen Kjerpeset frå Florø sprang inn til ein sterk 12. plass på 400 meter hekk i eit internasjonalt stemne laurdag.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

STERKT LØP: Øyvind Strømmen Kjerpeset er svært nøgd med sesongopninga i Belgia i dag.

Foto: NFIF/Thore Erik Thoresen

Stemnet i Belgia var sesongdebuten hans og med tida 51.80 vann han heatet sitt. Tida heldt til ein 12. plass blant 34 deltakarar i seniorklassen.

– Eg er veldig nøgd. Dei tre førre åra har eg sesongopna med tider som er to-tre sekund dårlegare enn det eg klarte i dag. Dette er det nest raskaste løpet eg har gjort, seier han til NRK.no

Trur på EM-plass

Den personlege rekorden frå siste sesong er på 51.16. Det er seks hundredelar bak kvalifiseringskravet til senior- EM i Helsinki siste veka i juni 2012.

– Eg føler det er ting på gang og eg er optimist med tanke på å klare EM-kravet. Løpet i dag er veldig positivt med tanke på at eg treng nokre løp i beina før det verkeleg sit. Deretter pleier det å losne og tida blir endå betre, seier han.

Er optimist

Men sjølv om det ser lovande ut med tanke på å klare EM-kravet, tek han ingenting for gitt. Fram mot EM har han fem løp på seg til å vise at han er god nok.

– Det er eit knallhardt krav, men eg har stor tru på at eg skal greie det.

Neste konkurranse for Kjerpeset er i Florø kommande laurdag under Florø Friidrettsfestival.

– Eg gler meg veldig til å springe på heimebane til helga, seier han.