Hopp til innhold

Steinleggjarar hadde ikkje lov til å jobbe - vart stoppa igjen etter jakt i føremiddag

Steinleggjarane som har vore å sjå i Førde-området i det siste, hadde ikkje lov til å jobbe, grunna eit vedtak om stans i arbeidet frå Arbeidstilsynet austpå i fjor. I dag aksjonerte Arbeidstilsynet i Førde og stoppa dei.

Rune Joar Ravnestad og steinlegging

MÅTTE LEITE: Inspektørane frå Arbeidstilsynet fekk raskt tak i steinleggjarane. No har dei fått beskjed om å stoppe arbeidet og rette seg etter pålegga frå Arbeidstilsynet.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu/arkiv / NRK

– Vi leitte etter steinleggjarar som vi hadde grunn til å tru ikkje dreiv etter lover og reglar, seier tilsynsleiar i Arbeidstilsynet, Rune Joar Ravnestad.

Dei siste dagane har politiet i Sogn og Fjordane fått fleire meldingar frå folk som har vorte kontakta av utanlandske steinleggjarar.

Dette har stort sett skjedd i Førde-området, men arbeidarane har også vorte observerte andre stadar i Sunnfjord.

Politiet har undersøkt litt i saka då dei mistenkte at arbeidarane ikkje hadde arbeidsløyve, men dei fann ut at det ikkje var noko konkret dei kunne ta dei på.

Vert politimelde dersom dei byrjar på att

Arbeidarane som er stoppa skal truleg vere organisert både som firma og som enkeltmannsføretak. Ravnestad utelukkar heller ikkje at det kan vere fleire firma i sving.

– Vi fann nokre og vi stoppa arbeidet til dei vi fann, seier Ravnestad.

Ravnestad er for tida på tenestereise og kjenner ikkje detaljane på tidsfristane som arbeidarane har fått, men han er klar på at dersom dei ikkje rettar seg etter pålegga, er vegen kort til politiet.

– Dei stoppa arbeidet då vi var der, men vi kan ikkje stå vakt. Dersom dei tek opp att arbeidet når vi er vekk, er det eit brot på vedtaket om stans, og det vil automatisk føre til politimelding, seier Ravnestad.

Tilbaud Ravnestad sine tenester

Steinleggjarane vart i fjor haust stoppa på Austlandet. Dei fekk då eit vedtak om å stoppe arbeidet, men dette vedtaket var ikkje lukka. Det betyr at Arbeidstilsynet ikkje har fått dei opplysningane dei bad om innan fristen.

Sidan steinleggjarane hadde eit vedtak om stans i arbeidet som ikkje var oppheva, så hadde dei ikkje lov til å drive verksemd før Arbeidstilsynet har oppheva sine vedtak.

Dette kom for dagen då steinleggjarane tilfeldig la turen innom eigedommen til Ravnestad sjølv, attpåtil to gonger laurdag, for å tilby sine tenester.

– Eg spurde litt rundt då dei først var der, og la merke til firmanamnet. Det tok vi til å jobbe med måndag, og då fann vi ut at det var same firma som vart stoppa på Austlandet i fjor, seier Ravnestad.

Truleg er dette same steinleggjarane som også avla lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde, to besøk på tunet, noko NRK skreiv om tidlegare i veka.

Manglar dokumentasjon og ID

Han kjenner ikkje saka frå Austlandet i detalj, men det skal i hovudsak dreie seg om manglande dokumentasjon.

– Det gjekk på manglande ID-kort og at vi ikkje fekk den dokumentasjonen vi bad om, seier Ravnestad.

– Kva er det de sjekkar dei på?

– Som eg nemnde sjekkar vi ID-kort. Og elles skal dei følgje lover og reglar. Vi prøver å følgje opp at dei følgjer Arbeidsmiljølova, seier Ravnestad.

Verre å kontrollere enkeltmannsføretak

I denne bransjen er det ei god blanding av både enkeltmannsføretak og registrerte firma, noko som gjer jobben med å handheve lova noko verre for Arbeidstilsynet.

Dei har langt mindre å stille opp med når det gjeld enkeltmannsføretak enn registrerte firma.

– Litt av utfordringa vår er å klare å finne inngangsporten til å finne ut om dei driv lovleg. Vi har eit samarbeid med Skatt Vest, samt politiet, noko som kan bringe ting på det reine slik at vi som samla myndigheit kan stoppe dei, seier Ravnestad.

Ber folk la vere å bruke dei

Han ber folk la vere å nytte tenestene som desse firmaa tilbyr.

– Eg vil be forbrukarane tenkje seg om før dei brukar denne type tenester, for det er vi som forbrukarar som kan styre marknaden deira. Kjøper ein tenestene deira så støttar ein illegal verksemd, seier Ravnestad.

Han ber også folk nytte tipsbasen på Arbeidstilsynet.no dersom dei ser noko som er av interesse.

– Det er noko som alle kan bruke, så her er det berre å leggje inn, seier Ravnestad.