Hopp til innhold

Statsråden kastar seg inn i debatten om skulebøn

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) seier til Stortinget at det er «lang og god tradisjon» for at rom på skulen vert lånt ut til aktivitetar – både i og utanfor skuletida.

Kunnskapsminister Tonje Brenna.

VELBEKOMME: – Det er ingen reglar som pålegg eller avgrensar skuleeigarars tilgang til å gi tilgang til lokala sine, verken i eller utanfor skuletida, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

Foto: Javad Parsa / NTB

Saka om dei kristne elevane i Balestrand som ikkje lenger får møttest til felles bønn i skuletida har den siste veka fått stor merksemd.

I ein ny omdreining har også kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) kopla seg på saka.

I eit skriftleg svar til Stortinget understrekar ho at «regjeringa ønskjer eit livssynsope samfunn» og at det i Noreg er «lang og god tradisjon» for at skuleanlegg vert lånt ut ulike aktivitetar.

Det er ingen reglar som pålegg eller avgrensar skuleeigarars tilgang til å gi tilgang til lokala sine, verken i eller utanfor skuletida, skriv ho.

Statsråden presierer vidare at ho ikkje vil ta stilling til den konkrete saka i Balestrand, men seier på generelt grunnlag at det å leggje til rette for ulike organisasjonar «kan bidra til å styrkje skulemiljøet».

Etter elevgruppa fekk nei til å samlast inne i matfriminuttet, har dei møttest ute.

Måndag inviterte Sogndal kommune til møte med skule, elever og foreldre for å kome fram til ein minneleg løysing.

Foto: Privat

Kommunen bør ta signalet

Eg oppfattar at Kunnskapsministeren går så langt ho kan utan å seie at kommunen har gjort ei dårleg vurdering, seier Kjell lngolf Ropstad (KrF) til NRK.

Han legg til:

Kommunen bør ta signalet: På tide å vakne opp, ta ei ny vurdering og få til eit samarbeid med organisasjonar og elevinitiativ. Å skyve engasjerte barn og unge ut i kulda er ingen god strategi.

Gruppeleiar i Sogndal KrF, Frode Bøthun, har klaga på avgjerda.

– Eg tolkar statsråden dit at det skal mykje til for å nekte elevinitierte samlingar, seier han.

Kommunedirektøren i Sogndal uttalte i førre veke at dei «kan ha teke feil» då dei sette ned foten for andaktsmøta med tilvising til Opplæringsloven, og måndag inviterte dei til møte med skule og foreldre for å kome fram til ein minneleg løysing.

Vi ønskjer ikkje å kommentere noko meir til media på noverande tidspunkt utover at det er starta ein prosess som forhåpentleg vil føre til ei god ordning, seier Eva Bente Ohma, som har to døtrer på skulen.

Regjeringens forslag til endringer i statsbudsjettet

– Eg oppfattar at Kunnskapsministeren går så langt ho kan utan å seie at kommunen her har gjort ei dårleg vurdering, seier Kjell lngolf Ropstad (KrF).

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Tillét «kristen-bollar» som «lokkemat»

Elevinitierte møte i skuletida fekk sist stor offentleg merksemd då Sirdal kommune innførte såkalla bollenekt i 2019 – før kommunen gjorde retrett og likevel sa ja til «kristen-bollar» som «lokkemat».

For ti år sidan fekk ein gruppe muslimske elevar i Oslo tilsegn om eit bønnerom, som sidan vart stoppa frå politisk hald.

Under ein tilsvarande diskusjon året i førevegen uttalte Likestillings- og diskrimineringsombodet at retten til fri religionsutøving er ein grunnleggjande menneskerett, og at «skular bør finne løysingar som gjer at elevar kan be i løpet av skuledagen.»

Vi ser at mange skular finn uproblematiske og gode løysingar på dette. Til dømes har fleire skular gjort stillerom tilgjengelege for dei som ønskjer å be, sa likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik.

Sagatun skule, Balestrand

Saka om dei kristne elevane i Balestrand som ikkje lenger får møttest til felles bønn i skuletida har den siste veka fått stor merksemd.

Foto: Eirik Thue

Vanleg at praktiserande unge muslimar ber på skulen

Imen Hasnaoui er dagleg leiar i Det islamske forbundet Rabita. Ho seier til NRK at det er «vanleg at praktiserande unge muslimar ber på skulen», men at dette i all hovudsak blir løyst med diskresjon.

Ein del vel å ikkje spørje leiinga på skulen fordi dei ikkje ønskjer å få avslag. I staden ber dei berre lærarar eller miljøarbeidarar om å få låne eit grupperom i friminutta.

Framstegspartiet har ved fleire høve dei siste åra teke til orde for å forby bønnerom i offentlege skular. Då Stortinget stemde over eit slikt forslag i 2012, vart Frp ståande åleine.

Uventa og skuffande. Eg er overraska og skuffa over at Høgre og Arbeidarpartiet ikkje er villig til å sørgje for at skulane blir ein arena fri for religiøst press og segregering, sa dåverande Frp-leiar Siv Jensen.

Siv Jensen på Frps landsmøte

– Eg er skuffa over at ikkje fleire er villig til å sørgje for at skulane blir ein arena fri for religiøst press og segregering, sa Frp-leiar Siv Jensen i 2012.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Det kling ikkje særleg godt

Noregs Kristelige Student- og Skoleungdomslag (Laget) er moderorganisasjonen til 170 skulelag på norske ungdoms- og vidaregåande skular.

Som respons på «andaktsnekten» starta dei ein innsamlingsaksjon for å kjøpe inn ein lavvo til elevane i Balestrand.

Leiar i Laget, Karl-Johan Kjøde, seier til at NRK at han er «skuffa, men ikkje overraska» over svaret til statsråden.

Det kling ikkje særleg godt at ho trekkjer fram den gode tradisjonen vi har i Noreg for å låne ut skuleanlegg, når det nettopp er denne tradisjonen som er broten i denne saka. For Sogndal kommune hadde nemleg ingen dialog med dei ramma ungdommane før dei slo fast at «den religiøse profilen» deira var eit problem på skulen – sjølv om møta hadde gått føre seg i ei årrekkje.