Hopp til innhold

Ungdommar får lavvo-nekt når dei skal be

Elevane i Sogn får ikkje lenger møtast til innandørs bøn. No seier kommunen også nei til bruk av lavvo.

Sagatun skule, Balestrand

BALESTRAND: Ungdomsskuleelevane ved Sagatun får ikkje lenger møtast til bøn i langfri. «Kan vere støytande og krenkjande for andre», forklarer kommunen.

Foto: Eirik Thue

NRK melde tysdag om skulelaget ved Sognefjorden som ikkje lenger får møtast til innandørs bønn i langfri.

Kommunen sette ned foten for samankomstane med tilvising til Opplæringslova. Heile grunngivinga her.

Noregs Kristelige Student- og Skoleungdomslag (Laget) er moderorganisasjonen til 170 skulelag på norske ungdoms- og vidaregåande skular.

Som respons på «andaktsnekten» starta dei ein innsamlingsaksjon for å kjøpe inn ein lavvo til elevane i Balestrand.

Onsdag føremiddag melder den kristne avisa Vårt Land at det har kome inn nok penger til fire lavvoar.

Men Adam og resten av skulelaget var ikkje lenge i lavvoen, før skuleleiinga på ny sette foten ned.

I ei tekstmelding til Vårt Land skriv kommunedirektøren i Sogndal, Tor-Einar Holvik Skinlo, at det ikkje er kor elevane har bønemøte som er avgjerande, men at det skjer i skuletida.

På spørsmål om dei kan møtast i ein lavvo i storefri, tekstar Skinlo at «svaret vil vera nei».

Utfyllande svar frå kommunedirektøren i boksen under.

Etter elevgruppa fekk nei til å samlast inne i matfriminuttet, har dei møttest ute.

– Vi snakkar om skule og andre ting. Så er det ein som held andakt, og dei som vil, kan be, seier elevane.

Foto: Privat

I utakt med prinsippet om livssynsopenheit

Forbodet mot dei kristne samankomstane ved Sagatun skule har denne veka fått stor merksemd, og har blitt kritisert heile vegen frå biskopen i Bjørgvin til Human-Etisk Forbund.

  • Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp): – Eit livssynsnøytralt samfunn er ikkje det same som eit livssynstomt samfunn. Eg håpar dei forstår forskjellen.
  • Sturla Stålsett, leiar av Stålsett-utvalet: – Dette vedtaket er i direkte utakt med prinsippet om livssynsopenheit i den nye trussamfunnslova.
  • Margrete Haug (KrF), leiar for levekårsutvalet (med ansvar for skulane) i Sogndal kommune: – Eg er skaka over at kommunen har gjort dette vedtaket utan å konferere med oss.
  • Margrete Bjørge Katanasho, Landsrådet for Noregs barne- og Ungdomsorganiasjoner: – Barn og unge bør få samlast om det dei trur på og brenn for. At kommunen grip inn på denne måten, er leitt.
  • Erhard Hermansen, generalsekretær i Noregs Kristne Råd: – Eg opplever at skoleiinga bidreg til berøringsangst for tru. Det motsette av kva Hurdalsplattforma understrekar.

Regjeringa skriv i Hurdalsplattforma at dei «ønskjer eit livssynsope samfunn» og at «tru skaper tilhøyrsel og identitet.»

Barne- og familieminister Kjersti Toppe på talerstolen i Stortingets spørretime.

– Eit livssynsnøytralt samfunn er ikkje det same som eit livssynstomt samfunn, seier Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Statsforvaltaren skal kvalitetssikre vedtaket

Kjell Ingolf Ropstad (KrF) sende onsdag formiddag spørsmål til statsråden (sjå under) og varsla at han vil ta opp saka på Stortinget.

Til NRK seier kommunedirektøren i Sogndal at dei har sendt grunngivinga for vedtaket vidare til Statsforvaltaren for ei juridisk kvalitetssikring.

NRK har vore i kontakt med Statsforvaltaren, men har ikkje fått svar på kor lang tid dei vil bruke på å avvise eller godkjenne lovtolkinga.

Eg syntest det er spesielt at kommunen bruker energi på å finne lovleg heimel for grunngivinga si, som har vorte så breitt kritisert, framfor å ta opp telefonen og faktisk snakke med dei ramma elevane, seier leiar i Laget, Karl-johan Kjøde.

Elevinitierte møte i skuletida fekk sist stor offentleg merksemd då Sirdal kommune innførte såkalla bollenekt i 2019 – før kommunen sidan gjorde retrett og likevel tillot «kristen-bollar» som «lokkemat».

Sagatun skule

Direktør i Diskrimineringsnemda, Ashan Nishantha, seier til NRK at dei ikkje har teke imot klager frå elevar ved Sagatun skule.

Foto: Eirik Thue / Eirik Thue

Vanleg praksis med elevinitierte møte i skuletida

Landsrådet for Noregs barne- og Ungdomsorganisasjoner (LNU) omfattar i alt 102 medlemsorganisasjonar.

Mange av desse bruker skulane som rekrutteringsarena, og mange av dei har møte i skuletida, seier styreleiar i LNU, Margrete Bjørge Katanasho.

Ho har ikkje tal på omfanget av elevinitierte møte i skuletida, men seier det er utbreidd. Ho registrerer difor vedtaket i Sogndal kommune «med undring»:

Gjennom organisasjonslivet får barn og unge moglegheit til å utvikle seg sjølv, i fellesskap med andre, samtidig som dei lærer seg at stemma deira betyr noko. Derfor bør skulane opna for slik aktivitet, ikkje stengje dørene for det.

Direktør i Diskrimineringsnemda, Ashan Nishantha, seier til NRK at dei ikkje har teke imot klager frå elevar ved Sagatun skule.

Men om nokre av elevane ønskjer ei vurdering på om dette er diskriminerande med tanke på religionsfridommen, kan dei sende ei klage til oss. Det er gratis og kan enkelt gjerast digitalt via klageskjemaet vårt.

Halvor Nordhaug

– Mange elver kan oppleve seg ekskludert frå å delta i andre aktivitetar som finn stad i skoletida, som fotball, karate og sjakk. Men dei blir ikkje forbode av den grunn, seier Biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB