Hopp til innhold

Statsministeren vil vinne også i distrikta

FØRDE (NRK): For statsminister Erna Solberg er distrikta er like viktige som storbyane i årets val. I går besøkte ho Sogn og Fjordane, der Høgre kan trenge all hjelp for å halde på posisjonane frå førre val.

Erna Solberg på husbesøk til Eva Marie By Vikøren

HUSBESØK: Eva Marie By Vikøren (14) får besøk av statsminister Erna Solberg og ordførar i Førde, Olve Grotle.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Vallogo

– Det er viktig at alle stemmer. Og sjølvsagt viktigast at han blir ordførar vidare, seier statsminister Erna Solberg og siktar til førdeordførar Olve Grotle (H).

Saman er dei på husbesøk i Førde etter ein lang dag i Sogn og Fjordane. Høgreleiaren har besøkt næringsliv, veljarar og lokale partifolk i fire kommunar.

– Det er veldig kjekt at statsministeren vitjar Førde. For oss er det ei vitamininnsprøyting i innspurten av valkampen, seier ordførar Olve Grotle.

Håper høgrebølgja held fram

Han kom inn som ny ordførar for fire år sidan surfande på ei høgrebølgje. I det raudgrøne distriktsfylket Sogn og Fjordane fekk Høgre totalt åtte ordførarar. Men lokale og nasjonale meiningsmålingar syner at dei kan vere truga.

– Vi har tre veker på å overtyde om folk om at dei bør gjenvelge desse ordførarane, seier Solberg.

I valkampen har det vore mykje snakk om byane. Både Høgre og Arbeidarpartiet har ambisjonar om å vinne dei. For Solberg er det viktig å vere representert i heile landet.

– Vi er opptekne av å formidle at god høgrepolitikk er god distriktspolitikk: det er infrastruktur, det er innovasjon og nyskaping og, ikkje minst, det er engasjerte ordførarar, seier ho.

Overraska med statsministerbesøk

Statsministeren hastar vidare. Igjen på tunet står nokre litt forundra Førde-veljarar.

– Eg veit ikkje kva eg skal seie, seier Eva Marie By Vikøren (14).

Trine By fekk statsministeren på døra

FEKK STATSMINISTEREN PÅ DØRA: Trine By har fått valbrosjyren til Høgre i handa, men vil ikkje avsløre kva ho kjem til å stemme.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg sprang inn og sa at Erna Solberg står her ute, seier mora hennar, Trine By.

– Eg trudde du tulla, det var ingen som trudde på deg, seier By Vikøren. For ho er det viktig at det ikkje skal kome fjorddeponi i nabokommunen.

Mora Trine By vart oppfordra til å stemme på ordføraren frå Høgre, men held korta tett til brystet.

– Det vil eg ikkje uttale meg om. Det får eg ha for meg sjølv, seier ho.