Hopp til innhold

Vart konfrontert av Natur og Ungdom

FØRDE/BULANDET (NRK): Under statsminister Erna Solberg (H) sin valkampturne i Sogn og Fjordane møtte ho motstand frå Natur og Ungdom. Dei gav klar beskjed om at dei ikkje har gjeve opp kampen mot gruvedeponi i Førdefjorden.

Erna Solberg møtte Natur og Ungdom

KORT MØTE: Det vart ein kort samtale mellom statsminister Erna Solberg og ungdommar frå Natur og Ungdom i Førde. Statsministeren tok til motmæle då ungdommane la fram saka si.

Vallogo

– Viss vi vil ha arbeidsplassar i distrikts-Norge, og viss vi skal basere det på naturressursane våre – fortrinna våre – ja, då må vi også av og til våge å seie ja til det, seier statsministeren.

Laurdag har ho vore på valkamptur i Sogn og Fjordane, der turen mellom anna gjekk til øysamfunna Bulandet og Værlandet i Askvoll kommune. I tillegg besøkte ho kommunane Førde og Flora. Alle tre er nabokommunar til Naustdal kommune, der Kommunal- og moderniseringsdepartementet i april gav gruveselskapet Nordic Mining løyve til gruvedrift og dumping av avfallet i Førdefjorden.

I Førde vart ho møtt av Natur og Ungdom som gav ho laks for å symbolisere deira kampsak. Statsministeren takka fint for gåva, men tok til motmæle mot ungdommane.

– Den skal eg ta med meg, men det er ingenting i undersøkingane som er gjort som seier at vi risikerer å tape arbeidsplassar i fiskerinæringa, sa Solberg.

«Så forbaska 70-tals»

Gruvesaka har blitt ei kampsak både lokalt og nasjonalt, og vekt merksemd internasjonalt. Nyleg var tre partileiarar med på debatt om saka i Vevring i Naustdal, og Venstre-leiar Trine Skei Grande kalla gruveprosjektet for «forbaska 70-tals».

– Dette er så gamaldags, det er så forhistorisk at det berre må stoppast, sa Grande.

Trening på sivil ulydnad Førdefjorden

SIVIL ULYDNAD: 1700 personar har sagt at dei vil ty til sivil ulydnad for å stogge gruveprosjetet. Her frå ei øving på nettopp dette, på Natur og ungdom sin sommarleir i Naustdal.

Foto: Rune Fossum / NRK

Orda kom under debatten som Natur og Ungdom arrangerte under sin sommarleir i Vevring. I Engebøfjellet over denne bygda skal sjølve gruvedrifta skje. I Førdefjorden like utanfor skal 250 millionar tonn gruveavfall dumpast dei neste 50 åra.

Det er dette som har fått miljørørsla til å steile og gjennomføre store protestar og varsle sivil ulydnad. Solberg meiner miljøkonsekvensane er akseptable.

– Det tek litt lenger tid for to fiskeartar å nå kritisk nivå i Norge, men utover det vil det bli stilt veldig sterke miljøkrav knytt til dette. Av og til vil det vere slike vanskelege avvegingar, seier statsministeren.

– Miljøkonsekvensane mindre enn føresett

Miljørørsla nektar å gje opp kampen, trass i at regjeringa allereie har sagt ja. I tillegg til varsel om sivil ulydnad, har saka blitt klaga opp på overnasjonalt nivå, til ESA.

Solberg understrekar at ho har stor respekt for at folk gjer ulike vurderingar i gruvesaka.

Erna Solberg

BÅTTUR: Statsministeren på veg i båt ut i havgapet for å beøske dei små øysamfunna Bulandet og Værlandet

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vurderinga departementet har gjort, er at arbeidsplassane i Naustdal er viktige. Det er viktig å utvikle denne typen næringar, samstundes som miljøkonsekvensane kanskje er mindre enn det ein såg føre seg i utgangspunktet, hevdar ho.