Statseigd kinesisk selskap kjøper seg inn i vestlandsverft

40 prosent av aksjane i hurtigbåtverftet Brødrene Aa i Hyen i Nordfjord er seld til eit stort, statseigd reiarlag i Hong Kong. Saman skal dei byggje eit nytt skipsverft i Kina.

Kinserer kjøper seg inn i Brødrene Aa

SIGNERTE: Tor Øyvin Aa signerte salskontrakten på vegner av Brødrene Aa 16. desember. I dag blei oppkjøpet gjort offentleg kjend.

Foto: Pressefoto

Chu Kong Shipping Enterprises Co kjøper 40% av selskapet Brødrene Aa AS. Det melder dei to selskapa i ei pressemelding.

Vi gjekk for eit halvt år sidan inn ein kontrakt med det same selskapet på byggje to store hurtigbåtar. Difor er det artig og veldig positivt for oss at dei ønskjer å kjøpe seg inn i verksemda for å få lettare tilgang til våre produkt, seier administrerande direktør Tor Øyvin Aa, til NRK.

Chu Kong Shipping er børsnotert i Hong Kong, men er i hovudsak eigd av den kinesiske staten.

Skal byggje nytt verft

I pressemeldinga går det også fram at selskapa skal byggje eit nytt verft for bygging av båtar med Brødrene Aa-teknologi i Kina.

– Dette vil gje samarbeidet ein ny dimensjon og sørge for eit svært konkurransedyktig produkt i marknaden, skriv selskapa.

Men Brødrene Aa forsikrar at ei storsatsing i Asia med nye deleigarar ikkje vil få konsekvensar i Hyen, verken for drift eller arbeidsplassar.

– I praksis vil det ikkje få stor betydning i det daglege, men det gjev Brødrene Aa tilgang på ein stor marknad i austen. Det vil gjere bedrifta sterkare og vi vil få tilført kapital. Det vil også gje oss moglegheit til å bli større og sterkare i den internasjonale marknaden, slår Tor Øyvin Aa fast.

Brødrene Aa i Hyen

HØG VEKST: Hurtigbåtane frå Brødrene Aa har blitt ein stor salssuksess i Norge og Asia. No har verftet fått kinesiske deleigarar.

Foto: Steinar Lote

Auka marknad

Det skal også etablerast eit selskap i Hong Kong som skal ta seg av marknadsføring, salg og ingeniørkompetanse. Selskapet skal sørge for oppstart og drift av det nye verftet som skal byggjast i Kina.

– Chu Kong Shipping Enterprises opererer 51 store passasjerfartøy og er ein av verdas største operatørar av hurtigbåtar. Dei har mange gamle fartøy som er lite miljøvenlege. Det er eigentleg hovudgrunnen til at dei vel å satse på våre produkt og vår teknologi.

Rekordoverskot i fjor

Brødrene Aa i Hyen fekk i 2014 det beste resultatet i verksemda si historie. Båtprodusenten hadde eit overskot før skatt på 24 millionar kroner, og i følgje Tor Øyvin Aa har veksten halde fram i 2015.

– Det er nok mange som stiller spørsmål ved at det no kjem kinesiske eigarar inn, men dei har lite å frykte. Vi har felles mål og vi synes det er veldig bra, seier Thor Øyvin Aa.