Hopp til innhold

Statens vegvesen: Dette lasset er kjempefarleg

I denne tilhengaren låg det over 22 tonn med dårleg sikra stålstenger. Ein bråbrems kunne ført til svært alvorlege ulukker, meiner Statens vegvesen.

Usikra stålstenger i vogntog

TOK STÅL-LAST: Sjåføren av vogntoget er meld til politiet for å ha køyrd rundt med jernstenger som kunne losna og treft andre i trafikken.

Foto: Statens vegvesen

Søndag kveld vinka kontrollørane inn eit vogntog på Håbakken i Lærdal. Funnet dei gjorde, var alt anna enn bra.

Stålstengene var berre sikra med lette lastestropper, og ville ikkje tolt ei kraftig nedbremsing.

– Det er kjempefarleg om det skjer noko. Dersom sjåføren får ein bråstopp eller må bråbremse, så risikerer vi at lasset losnar. Når dei har den diameteren på tre-fire centimeter, så går dei igjennom stort sett alt dei treff, seier Torgeir Bang i Statens vegvesen til NRK.

Stroppene var lagt feil

Saman med kollegaene på kontrollstasjonen i Lærdal har dei stogga mange køyretøy den siste tida, og i dette tilfellet var dei heilt sikre på at dei måtte gjere noko.

– Dei var berre sikra med at dei var lagt på golvet i tilhengaren, og så har han lagt over stropper. Men stroppene hjelper ikkje, fordi vinkelen blir feil.

Over heile landet har mannskap frå Statens vegvesen halde oppe kontrollaktiviteten, særleg fordi varetransporten skal gå uhindra trass i faren for koronasmitte.

Fleire har fått forbod

Kontrollsjef for Statens vegvesen i Sogn og Fjordane, Thormod Gausdal, seier at dei har hatt ein del stygge tilfelle no som har ført med seg køyreforbod.

– Vi står der ute for å demme opp for at vi ikkje skal få inn useriøse transportørar.

Han forsikrar at dei heile tida vurderer risikoen for mannskapa dei har ute på kontrollane.

– Vi kjem absolutt ikkje til å senke aktiviteten, slår Gaustad fast.