Hopp til innhold

Staten kutta ferjeprisane over heile landet – men her vart det dyrare for næringslivet

AUSTEVOLL (NRK): Fylket låg an til å tape 800 millionar kroner og putta ferjekuttet til staten i eiga lomme. Det gav uante konsekvensar for dei som køyrer firmabilar og lastebilar.

Karsten Eriksen i Austevoll Elektro.

AUKA UTGIFTER: Elektromontør Karsten Eriksen i Austevoll Elektro er avhengig av ferjestrekninga Hufthamar-Krokeide i jobben. Strekninga har vorte dyrare for bedrifta under pandemien.

Foto: Privat

– Fylket åt opp heile momsreduksjonen. Det er ikkje rettferdig, seier elektromontør Karsten Eriksen i Austevoll Elektro.

I jobben sin er han heilt avhengig av å bruke ferja som går mellom Austevoll og Bergen.

I løpet av 2020 vart ferjereisa brått dyrare for han og alle andre som driv firma i Vestland fylke, trass i at staten kom med ei hjelpande hand under starten av pandemien.

Staten halverte ferjemomsen frå 12 til 6 prosent i heile landet, slik at ferjebillettane skulle bli billegare. Men eit vedtak i Vestland fylkeskommune gav uante konsekvensar.

naywuEGF6tA

REDUSERTE PRISEN: Staten reduserte momsen på ferjebillettar over heile landet. Vestland fylkeskommune valde å behalde gevinsten sjølv (Illustrasjonsfoto).

Foto: Halvard Alvik / NTB

Plussa på

For økonomien var også utfordrande for fylkeskommunane.

I Vestland såg fylkespolitikarane at dei låg an til å tape heile 800 millionar kroner under koronapandemien.

I mai 2020 vedtok difor fylkestinget å «annullere» prisreduksjonen for å redusere sine eigne koronatap.

– Det vart vedteke at prisen ut til kunden skulle vere som før på alle transportmidla, seier direktør Målfrid Vik Sønstabø i Skyss, fylkeskommunen sitt kollektivselskap.

Då staten senka momsen for ferjebillettane, plussa altså fylkeskommunen på takstane på kvar einaste ferjestrekning i fylket.

– Då vi la på éi takstsone for å justere prisen, slik at den skulle vere tilnærma uendra, gjekk det omtrent opp i opp, forklarer Sønstabø.

Dyrare

I snitt gjekk prisen opp eit par kroner.

Men vedtaket i fylkestinget fekk altså konsekvensar for dei som køyrer firmabil og lastebilar på ferjene.

Medan privatpersonar sparer pengar når momsen blir lågare, er det irrelevant for næringslivet, fordi bedrifter uansett får momsen refundert.

For bedrifter er det i staden nettoprisen, utan moms, som gjeld.

Elles i landet har momsreduksjonen dermed gitt billegare reiser for privatpersonar og uendra pris for bedrifter.

I Vestland fylke, der ferjetakstane vart auka, har privatpersonar omtrent uendra billettpris, medan utgiftene for bedriftene har auka.

– Andre fylke har fått prisreduksjon. Både prisane og tilbodet på ferjene bør vere likt over heile landet, meiner Eriksen.

Målfrid Vik Sønstabø

AUKA PRISEN: Det vart lagt på éi takstsone på kvar einaste ferjetrekking i fylket, for at prisen ut til kundane skulle vere lik som før, opplyser direktør Målfrid Vik Sønstabø kollektivselskap Skyss

Foto: PRESSEBILDE / SKYSS

– Var ikkje meininga

Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) visste ikkje om denne konsekvensen for næringslivet før NRK omtalte det. Han viser til at eit samrøystes fylkesting gjorde vedtaket i fjor vår.

– Dette var i starten av koronapandemien. Situasjonen var uoversiktleg og dramatisk. Trafikken overalt var på eit lågmål. Ingen kompensasjonsordningar for fylka hadde komme på plass, seier han.

Nestleiar Marthe Hammer (SV) i samferdselsutvalet seier at intensjonen var at takstauken kombinert med momshalveringa til staten ikkje skulle gi auka kostnader for dei reisande.

– Effekten som no blir teken opp, at næringslivet har fått reell prisauke, må vi følgje opp. Vi må vere sikker på å ha ein ferjepris som er i tråd med den alvorlege situasjonen vi står i og som næringslivet kan nyte godt av, seier ho.

Statssekretær Ingelin Noresjø i Samferdselsdepartementet seier formålet med kuttet i ferjemomsen var å legge til rette for rimelegare reiser i ei tid med mange økonomiske utfordringar.

– Mange opplever høge ferjeprisar som utfordrande og vanskeleg. Vi registrerer at staten bidrog med pengar, men at Vestland fylkeskommune valde å bruke pengane annleis, seier ho.