Med kampanjen «Husrom og hjarterom» vil Kari Bergset saman med andre sørge for at det blir tilstrekkeleg med bustader til å huse mange fleire flyktningar rundt om i Norge.
– Så godt som vi har det i dette landet, og med ei så stor katastrofe vi er vitne til så må vi gjere dette, meiner Bergset.
Førebels har kampanjen samla i overkant av 230 medlemer, og Kari Bergset er overtydd om at dei vil nå ut til heile landet med bodskapen om å stille bustader til disposisjon for flyktningar.
- Les også:
- Les også:
- Les også:
I kjellaren hos Kari og ektemannen Jørgen, har ein flyktningfamilie funne tryggleik. Marshalena Antony fortel familien likar seg.
– Eg tykkjer det er veldig kjekt med Kari og nye naboar. Det er bra her, seier ho til NRK.
Statssekretær i inkluderingsdepartementet, Kai-Morten Terning (Frp) tykkjer det er bra at einskildpersonar som Kari Bergset engasjerer seg.
– Men vi må hugse på at integrering er meir enn berre bustad. Dei som kjem skal integrerast, busettast og ha arbeidstrening. Då må kvar einskild kommune bestemme kor mange som skal busetjast, seier Terning.