Hopp til innhold

Starta produksjonen på Gjøa

Søndag ettermiddag starta produksjonen av olje- og gassfeltet Gjøa.

Gjøa
Foto: Martin Lindland/Statoil / Martin Lindland

Feltet ligg berre 45 kilometer sørvest for Florø og forsyningsbasen til feltet ligg i kystbyen.

Det franske energiselskapet GdF Suez har investert 34 millioner kroner i Fjord Base, som er langtidsleigd i 20 år. Eit nytt bygg skal ta seg av logistikken, og alle forsyningar og all helikoptertransport til Gjøa-feltet skal gå frå Florø.

Straum frå land

Gjøa er verdas første flytande plattform som får straum frå land. Straumen kjem frå ein 100 kilometer lang kabel frå Mongstad.

Ved å få straum frå land, vert utsleppet av CO2 redusert med 210 000 tonn per år, noko som tilsvarer utsleppet til 100 000 personbilar.

Kostar 40 milliardar

Gassen skal sendast i røyr til Skottland, medan oljen skal gå i røyr til Troll II-ledningen og videre til Mongstad-raffineriet i Hordaland.

Gjøa, saman med det tilhøyrande feltet Vega, er i dag det største prosjektet i Nordsjøen. Utbygginga for dei to felta vil kome på tilsaman 40 milliardar norske kroner.

Produksjon i minst 15 år

Felta vil produsere olje og gass i minst 15 år framover.

– Men vi har sett at teknologi utviklar seg og at utvinningsgraden stadig auker. Det er også opning vidareutvikling av området. Difor er plattform og infrastruktur designa for å ha ei levetid på minst 30 år, seier Øystein Michelsen som er direktør i Statoil.