Hopp til innhold

Opna millionbygg på Fjord Base

Erling Sande opna bygg på Fjord Base som skal husa logistikken opp mot Gjøa-feltet.

Erling Sande

Leiar for Stortingets energi- og miljøkomite, Erling Sande

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Det franske energiselskapet GdF Suez har investert 34 millioner kroner i Fjord Base, som er langtidsleigd i 20 år. Eit nytt bygg på 2.470 kvadratmeter skal ta seg av logistikken, og alle forsyningar og all helikoptertransport til Gjøa-feltet skal gå frå Florø, skriv selskapet i ei pressemelding.

- I Florø på lang sikt

Opninga av bygget fann stad torsdag. Leiar for Stortingets energi- og miljøkomite, Erling Sande, stod for den. Til stades var også Jean-Marie Drauger, visepresident i GdF Suez-gruppen og Terje Overvik, administrerande direktør i GdF Suez Norge.

I oktober i år overtek GdF Suez operatørsanvaret i driftsfasen av Gjøa-feltet, frå utbyggingsoperatør Statoil.

- 2010 er eit svært viktig år for selskapet vårt, der me vert operatør for eit stort felt på norsk sokkel. Med opninga av nybygget for base- og logistikktenester etablerer me oss i Florø på lang sikt. Med Gjøa-feltet vert ein ny provins i Nordsjøen opna for langsiktig utvikling, noko som gjev gode molglegheiter for GdF Suez som operatør og Florø som oljeby, seier administrerende direktør Overvik.