Hopp til innhold

Stappfulle bussar i Bergen – russen har fått nye rulleråd av regjeringa

Russebussane i Bergen var stappfulle av fulle folk første natta i russefeiringa. – Eg kom meg ikkje inn i min eigen buss, seier bussjef.

Buss i stappa russ

FULLT: I fleire av russebussane var det stappa fullt med folk i går. – Folk fekk sjokk, seier bussjef i Bergen City, Vilde Lunde.

Foto: Montasje / NRK

I natt og i dag blei bilete og videoar av dei fulle russebussane spreidde i sosiale medium.

– Det er jo veldig dumt. Samtidig skjønar eg at det er fort at blir sånn når mange samlast, og ein gløymer korleis kvardagen er, seier russepresident i Vestland, Ásdís Eva Ómarsdóttir.

Russetida i Bergen starta i går. Dei tolv bussane i byen har delt seg inn i to ulike «ringar» som skal stå saman. BA skreiv om saka fyrst.

Men i går samla alle bussane seg. I tillegg til dukka det opp folk som ikkje var inviterte.

– Folk går jo berre inn. Det var mange menneske som var det som ikkje skulle vera der. Det er irriterande, seier Vilde Lunde, sjef på bussen Bergen City.

– Så er det også irriterande at eg har brukt 50.000 kroner på buss og ikkje får vore i min eigen buss ein gang.

Ho omtalar situasjonen som stressande.

– Eg veit at dei andre bussjefane og gjekk rundt heile kvelden og stressa. Viss det held fram slik får me ikkje ha russetid i ei veke ein gong. Det er jo det siste me vil.

Russ i "stappa" buss

STAPPA: Fleire av russebussane har delt filmar og bilete på sosiale medium av kor mykje folk som var inne i køyretøya i går.

Foto: Skjermdump / NRK

– Blir betre frå og med i dag

I Stavanger og områda rundt har russetida vore på vent etter at minst 120 russ fekk påvist korona.

Russen i Bergen har ikkje lyst til å koma i den situasjonen. Russepresidenten trur russen har lært av hendingane i natt.

– Det var fyrste dagen, alle var veldig spente og gleda seg veldig. Eg trur russen kjem til å innsjå at det ikkje var det luraste, og at det blir betre frå og med i dag utover, seier Ómarsdóttir.

Det trur også bussjef Lunde.

– I dag gjer vi det på ein annan måte. Vi fortel ingen kvar bussringane er og vi splittar oss i to. Då blir smittevernreglane følgd meir, seier ho.

Nye anbefalingar

Russen fekk i dag nye smittevernråd frå myndigheitene.

– Sjølv om det er gøy å treffa mange og nye menneske, ber eg dykk vera maksimalt 20 saman i bussen der det er låg smitte. Og maks ti i bussen der det er mykje smitte og forsterka smitteverntiltak, sa kunnskapsminister Guri Melby (V) til VG i dag.

Russ i område med høg smitte blir også råda til å ta koronatest annakvar dag.

Guri Melby

RÅD: Kunnskapsminister Guri Melby (V) gav nye rulleråd til russen i dag.

Foto: Heiko Junge / NTB

Vil har organisert feiring

– Det er klart at me har vore bekymra for dette, seier smittevernoverlege i Bergen, Egil Bovim.

Han er glad for at russetida er i gang, og fortel at kommunen har eit godt samarbeid med russepresidenten og russestyra.

– Dei er veldig innstilte på at feiringa skal gå slik som me ønskjer. Ein vesentleg del av russen er veldig ansvarsbevisste. Dei fleste er opptekne av å halda seg innanfor det som er forsvarleg, seier Bovim.

Han likar likevel ikkje den uorganiserte feiringa, slik som i natt.

– Det har ein tendens til å føra til mindre merksemd på smittevernreglar.

Kjem kommunen til å reagera på noko vis etter nattas hendingar?

– Me har jo kontakt med dei ansvarlege leiarane. Russepresidenten har allereie vore ute og sagt si meining. Det er litt vanskeleg å seia kva meir me kan gjera, men me er opne for vidare dialog.

Egil Bovim på pressekonferanse om koronasituasjonen i Bergen.

SMITTEVERNOVERLEGE: Smittevernoverlege i Bergen, Egil Bovim, minner om at smittevernreglane også gjeld for russ.

Foto: Marit Hommedal / NTB