Naboar har i to år klaga på lukt frå kloakkslamanlegget på Herdla nord i Askøy kommune.
– Det lukta diaré over heile fjøra i går, fortel Arvid Merkesvik.
Han er svært frustrert. For medan temperaturen har nærma seg 30 grader, og heile Sør-Noreg har kost seg ute i sola, har naboane til kloakkslamanlegget måtta halde seg innandørs.
Stanken frå anlegget, som tek imot kloakk frå alle dei om lag 30.000 innbyggjarane på Askøy, er nemleg uuthaldeleg, ifølgje Merkesvik.
– Vi kan ikkje bruke hage og hus slik vi ynskjer. Det er som å vere i eit fengsel, seier han.
«Registrerte» 84 dagar som innedagar
Merkesvik er sjølv vaksen opp på øya nord for Askøy utanfor Bergen, og har fleire gongar gjeve beskjed om luktplagene til eigarane av anlegget.
Kloakken ligg til kompostering inne i anleggsbygget fram til det vert blanda med sagflis og flytta ut i store haugar. Der finn ein også element som ikkje let seg kompostere, som til dømes våtserviettar og sanitetsbind. Med tida har mykje av dette, ifølge Merkesvik, spreidd seg i naturen.
– Det er tøft å sjå korleis området vert behandla. Kjærleiken eg har til øya er enormt stor, seier Merkesvik.
Heile fjoråret førte han logg over lukta. I loggen står kommentarar som «ekstremt kvalmende lukt» og «lukt av råtten kloakk».
I fjor registrerte han 84 dagar med så ille stank at dei måtte ha alle dører og vindauge lukka. 33 av desse var på den varmaste tida i fjor sommar.
– Vi orkar ikkje enno ein slik sommar, seier han.
No har han engasjert advokat Henrik Lande til å sjå nærare på saka.
– Nabolova sett ei grense for kor mykje ubehag ein kan påføre naboar. Dersom ein overstig denne grensa, er det ulovleg, seier Lande.
Meiner drifta er lovleg
Eigar av anlegget, Askøy Miljørens AS, ynskjer ikkje å kommentere saka overfor NRK.
Dei har sjølv hyra inn advokat Jon Håkon Hegdahl.
– Askøy Miljørens meiner oppriktig at dei viser naudsynt omsorg for omgjevnadane. Dei driv lovleg, både med tanke på forureining og naboar, seier Hegdahl.
NRK får også opplyst at eigaren har starta arbeidet med å få på plass eit nytt biogassanlegg på Herdla.
Men trass i at Askøy Miljørens meiner dei har sitt på det reine, vert det færre og færre slike anlegg i Noreg. Myndigheitene vil nemleg fase ut denne typen anlegg til fordel for klimavennlege og luktfrie bioanlegg.
Fylkesmannen vil følga opp
Det bekreftar leiar for miljøvern og klimaavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland, Kjell Kvingedal.
– Vi har sett ei utfasing av eldre slamanlegg i fylket, og teknologiutviklinga gjer at det er store fordelar med å gå over til andre typar anlegg, seier han.
Han varslar også at Fylkesmannen vil fylgje opp naboklagene på anlegget på Herdla. Arvid Merkesvik meiner det hastar.
– Det vil vere vanskeleg å sjå barn og barnebarn i augo og seie at eg ikkje gjorde noko med dette, seier han.