Hopp til innhold

Stal nær 30 stolpar frå gratistilbod: – Trist at nokon vil øydelegge

Ikkje alle påskemysterium er løyst enno. I Bergen er 26 stolpar frå Stolpejakten sporlaust forsvunne.

Stolpejakten i Bergen

SKUFFA: Atle Johannessen og Janne Follesø er begge frivillige i Stolpejakten i Bergen. Dei er skuffa over at nokon vil stjele stolpane.

Foto: Brynjar Osgjerd / NRK

– Det er jo utruleg. Først blei eg veldig sint, men no syns eg berre det er trist.

Janne Follesø er prosjektleiar for Stolpejakten, eit tiltak for å få folk opp av sofaen og ut på tur.

Med mobiltelefon kan kven som helst jakte på stolpar i naturen. Når ein finn dei kan ein skanne stolpen sin QR-Kode for å registrere funnet, samle poeng og vinne premiar.

Tusenvis av personar har allereie delteke i Stolpejakten i Bergen i år.

Men påskehelga skjedde noko som fekk Follesø og dei andre frivillige til å grøsse.

26 av stolpane var sporlaus forsvunne.

– Eg mistenkjer at det er nokon som ikkje liker det me gjer, og som ikkje vil ha oss her i byfjella.

Jenny Follesø står foran ett skilt der det står Nygårdslien. Holder på en pinne. Ute i naturen.

Jenny Follesø er skuffa over at nokon vil øydelegge for eit gratistilbod som fremmar folkehelse.

Foto: Brynjar Osgjerd / NRK

Jenny Follesø er skuffa over at nokon vil øydelegge for eit gratistilbod som fremmar folkehelse.

Foto: Brynjar Osgjerd / NRK

– Aldri skjedd før

Det var påskeaftan og natt til første påskedag at stolpane vart fjerna frå turområde vest frå Bergen sentrum.

Først fekk Follesø beskjed om at tre stolpar var fjerna frå Laksevåg. Då frivillige var på veg til å sette opp tre nye, fekk dei beskjed om at enda fleire var borte.

– Dei er systematisk fjerna. Det er trist at nokon vil øydelegge eit gratistilbod som fremmar folkehelse, seier Follesø.

At ein stolpe eller to forsvinn eller blir øydelagt er ikkje uvanleg, seier prosjektleiar for Stolpejakten nasjonalt, Arnfinn Pedersen.

– Men det som har skjedd i Bergen er heilt spesielt. Det har aldri skjedd før at så mange stolpar har blitt fjerna. Det er hærverk og bør meldast til politiet.

Stolpejakten i Bergen

FJERNA: 26 slike stolpar var fjerna frå turområde i Bergen påskehelga.

Foto: Brynjar Osgjerd / NRK

Nye stolpar på plass

Korkje Follesø eller Stolpejakten har meldt saka til politiet enno.

Kven som har fjerna stolpane blir verande eit påskemysterium, enn så lenge.

– Eg håpar at den eller dei som har fjerna stolpane våre lar dei vera i fred no, og lar folk få kosa seg ute i naturen, seier Follesø.

No fokuserer Stolpejakten i Bergen på å få opp nye stolpar slik at dei som vil kan nytte seg av tilbodet igjen.

Men Follesø har ein klar beskjed til den som sit med løysinga på mysteriet:

– La dei frivillige få lov til å kosa seg med det dei gjere, utan å måtte gå ut og ordne opp fordi folk ikkje lar stolpane stå.