Stakk av etter kollisjon

To bilar skal ha kollidert ved Solheimslien i Bergen. To personar i den eine bilen har stukke av medan bilen står att, skriv politiet på Twitter. Det skal vere snakk om materielle skadar, men ikkje personskadar.