- Men det er positivt, meiner avdelingssjef for akuttmedisin i Helse Førde, Olav Hesjedal.
Luftambulansen på oppdrag i Briksdalen i fjor. Arkivfoto Randi Indrebø NRK
40 prosent auke
Frå basen ved Førde Sentralsjukehus rykkjer luftambulansen ut stadig oftare. I løpet av dei siste fire åra har det vore ein auke på 40 prosent. Dermed plasserer ambulansehelikopteret seg som den fjerde mest aktive basen i landet i fjor.
Base ved sjukehuset viktig
Hesjedal understrekar også at det har vore viktig for ambulansetenesta at dei no er plassert nær sjukehuset. Tidlegare var basen på Førde Lufthamn Bringeland.
På grensa av og til
Hesjedal seier aktiviteten for ambulansetenesta i dag er så høg at det av og til er på grensa til det som er tilrådeleg for flygaren. Men han seier det er uaktuelt å få fleire ambulansehelikopter til Førde.