Hopp til innhold

Sprengde 300 kubikk stein for å unngå ras

Populær turistveg har vore stengd i fleire dagar etter at det gjekk to skred på under ei veke. No håpar dei å åpna vegen i løpet av kvelden.

Bilde av fjellveggen i den skred utsatte veien mellom Tyssedal og Stana i Hardanger.

RAS: Sprengde vekk grov stein for å forhindra fleire ras.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Tysdag førre veke gjekk det eit stort skred mellom Tyssedal og Stana i Hardanger.

Måndag denne veka vart vegen igjen stengt etter eit mindre ras, og store mengder nedbør.

I kveld vart det sprengt ned nesten 300 kubikk stein for å unngå ukontrollert skred.

– Me vil tilstreba å opna veien i dag, seier Rolf Tønder Svensson, prosjektleiar i Statens vegvesen.

Grundig vurdering

Operasjonen involverte geolog, skytebas og klatrarar.

I forkant av sprenginga vart det gjort grundig vurdering for å redusere risikoskadar.

På vegstasjonen var det representantar frå entreprenørane som sperra området, dei som hadde ansvaret for sprenginga og ein geolog til staden.

Det vart også vurdert alternative rømmingsvegar, dersom det skulle rase over dei på fjellet.

IMG_5370

Mannskap går opp for å klargjera til sprenging.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

– For meg er det viktig at alle som tek del i operasjonen er komfortable med oppgåvene sine. Liv og helse kjem først, seier Svensson.

Målet for oppdraget var å få ned steinen utan å øydeleggje vegen for mykje.

– Viss alt går fint så er målet å forhåpentleg opne vegen allereie i morgon, fortel han.

rv13 - ras trafikk kaos

Helikopter plasserer sprengstoff.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Etter sprenginga skal dei sjekke at det ikkje ligg igjen nokon steinar som kan skape ras ved eit seinare tidspunkt.

Sperra området

Før sprenginga vart det sett opp ei tryggingssone på 1000 meter. Publikum og turistar vart følgde ut av området.

– Vi ønskjer ikkje folk inne i den sona, seier Svensson.

Det vart også sett folk på sjøen for å hindre at det kom inn båtar i tryggingssona.

rv13 - ras trafikk kaos

Mannskap leier bort bilistar.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Trafikkaos

No er det høgsesong for turistar og då er det ca. 4000 køyretøy som passerer vegen i løpet av eit døgn.

Stenginga av rv. 13 har ført til lange køar og trafikkaos i området.

Elias Hansen er ein av dei som har måtte ta båt til og frå jobb på grunn av stenginga.

17-åringen må bruke ein ekstra time kvar dag for å komme heim.

– Eg skjønner ikkje kvifor dei ikkje gjorde noko når dei først såg at det var lause steinar der oppe, seier Hansen.

IMG_5363

Elias Hansen

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Han forstår ikkje kvifor dei venta så lenge med å gjere noko med saka.

– Dei kunne ha hatt nokon betre tiltak, seier han.

Fortsett skredpunkt

– Når vi er ferdig med denne jobben så er det jo framleis eit skredpunkt, fortel Svensson.

Då skal det bli gjort ei ny vurdering og sett opp fanggjerde på over 5000 kilojoule. Det er førebels ikkje sett noko tidspunkt for når arbeidet blir sett i gang.