Hopp til innhold

Trafikkaos i Hardanger på grunn av rasstengt veg

Riksveg 13 mellom Tyssedal og Stana vart stengt etter at det gjekk ras for andre gong på under ei veke. Det har ført til timevis med venting og køane har vakse på.

Utne ferjekai

KØ: Det har vore fleire timar med venting for å komme seg på ferjene til Kvanndal og Kinsarvik.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

– Då får du bubilar til Kinsarvik.

Kjell Bay dirigerer trafikken som skal på ferjer til Kvanndal og Kinsarvik.

Det er lange køar og mykje venting etter at vegen mellom Tyssedal og Stana vart stengt.

Ras på same stad

Køen starta etter vegen vart stengt måndag på grunn av ras.

Vegtrafikksentralen melde då raskt at riksveg 13 mellom Odda og Hardangerbrua ville bli stengt til onsdag.

Tysdag kveld melde Vegtrafikksentralen at strekninga kjem til å halde fram med å vere stengt i ein lengre periode.

Dei skal ta ei vurdering tidlegast torsdag klokka 12.00, skreiv dei på Tvitter.

– I går så tok vi ein ekstra avgang til Kinsarvik, men då vi gjekk for dagen stod det igjen 60 bilar, seier Bay.

Ventetida er i dag på to til tre timar til dei som vil til Kvanndal. Dei som skal til Kinsarvik må rekne med å vente i over tre timar.

Utne ferjekai
Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

– I dag leidde vi folk over gamlevegen til Jondal, men du veit du har ikkje lyst til å sende turistane over den vegen, fortel trafikkdirigenten.

Raset skjedde på same stad som raset onsdag. Då var det 1000 kubikk med stein som rasa ned fjellet og sperra vegen.

Vegen har i sommar ekstra mykje trafikk på grunn av tilreisande turistar.

Oppgitte reisande

– Eg synest det er dårleg opplegg, seier Sven Hauge Pettersen.

Han og kona er ein av mange som har stått fleire timar i kø. Dei har køyrt frå Stavanger og skal til Geilo.

– Her kunne dei ha sett inn fleire ferjer, og gjerne ferjar som tek meir enn 16 bilar, seier han.

Sven Hauge Pettersen fra Stavanger sitter i bobilen sin og venter på å komme seg på ferge.

Pettersen meiner at han og kona er av dei heldige. Dei har bubil og kan lage seg mat og byte på å kvile.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

Ferja til Kinsarvik har nemleg berre plass til 16 bilar. Skal bubilar og turbussar med på ferja blir det plass til endå færre.

Blant dei som står i kø er det fleire bilar med barn og unge om bord.

Få avgangar

– Vi er jo oppgitt og forbanna fordi dette meiner vi kunne ha vore unngått, seier Ullensvang-ordførar Roald Aga Haug (Ap).

Han meiner at det allereie før helga var varsla om mogleg ras og stenging av vegen.

– Då er det fortvilande at det ikkje er mogleg å ha ei ferje i beredskap, held ordføraren fram.

Utne ferjekai

Det er trong oppstilling og dårleg plass mellom bilane som står i kø.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

Direktør i Skyss som driftar ferjesambandet seier at dei har prøvd å finne ekstra personell, men at dei ikkje har lykkast på grunn av ferieavvikling.