Eit av dei mest spesielle telta på festivalcampen er det Eirik Hoff Aahaug (22) frå Jølster og ein kamerat som eig. Teltet er forma som ein gammal folkevognbuss.
- Les også: – Utan tvil det største vi har gjort
– Vi kjøpte det på internett. Det er eit telt vi berre brukar på festival. Det vert brukt både som telt og som garderobe sidan det er så høgt at ein kan stå oppreist i det, fortel Aahaug.
Teltet er delt i to seksjonar, og Aahaug og kameraten har kvar sin del. Aahaug kan fortelje at kameraten har det noko meir behageleg enn han har.
– Han har luftmadrass og eg har liggeunderlag. Eg var ikkje så lur i år at eg tok med luftmadrass, og det angrar eg litt på no.
Ifølgje Aahaug er det mange som legg merke til det uvanlege teltet.
– Det kjem alltid folk forbi som lurer på kven som eig teltet, og seier at det er stilig. Det skil seg jo litt ut frå dei andre telta som er her, seier han.
– Det luktar gammalt
Anita Helen Dahlberg (20) frå Jølster og Haakon Valbye Fegri (23) frå Oslo har budd i eit telt frå 60-talet. Dahlberg fortel at foreldre hennar brukte teltet mykje til familieturar før, men at det i det siste har vorte liggande på loftet.
- Sjå: Malakoff i bilete
– Eg har vel eigentleg overtatt det, for faren min meinte at det burde kastast. Det er veldig tungt, så det er vanskeleg å ha med seg på tur, seier ho.
– Så er det litt sopp i det, det luktar gammalt, skyt Fegri inn.
Fegri seier at det gamle teltet ikkje er det mest praktiske, men at det har sine fordelar.
– Det er god plass i det, men med tanke på vekta får ein det ikkje meir upraktisk, seier han.
– Vi får ein del steinar
Dag Asle Mykløen (26) frå Oldedalen har vore med i ein stor gjeng i eit like stort telt på festivalcampen.
– Vi er 12 personar som er her på campen, og alle søv i det same teltet, seier Mykløen.
Mykløen fortel at teltet vart kjøpt inn i fjor grunna ei regelendring på campen.
– Grunnen til at vi kjøpte det var at det ikkje var lov med partytelt på campen lenger, så då måtte vi ha eit telt det var plass til alle i om det regna.
På sida av teltet heng det eit banner det står «Oldedalen steinplukkarlag» på. Banneret får ifølgje Mykløen meir merksemd enn sjølve teltet.
– Det kjem mange som plukkar steinar til oss og legg dei på bordet vårt medan vi er vekk. Vi får ein del steinar i løpet av helga, seier han.