Hopp til innhold

Spelte med sørgeband

2. divisjonsjentene til Jotun spelte med sørgeband for å markere sorg etter trippeldrapet i Årdal då dei møtte Sotra sundag.

Jotun

MARKERTE SORG: Jotunjentene spelte med sørgeband

Foto: Stig Hestetun

Jotuntrenar Olafur Sveinsson seier jentene er svært prega av det som har skjedd i heimkommunen. Måndag vart tre personar drepne om bord på Valdres-ekspressen. Blant dei drepne var 19 år gamle Margaret Molland Sanden frå Årdal.

– Det har vore ei tung veke, og det blir tunge dagar også framover. Hendinga måndag pregar oss alle, men jentene taklar den svært vanskelege tida i Årdal bra. Sjølv om tankane nok ikkje er på banen heile tida i dag så spelar vi godt i forsvar og vinn til slutt 22 -18 mot Sotra.