Med høgsesong for julebord går kilowattimane raskt unna for mange hotell no i førjulsmånadane. Men på hotellet i Florø har dei i motsetnad til mange av oss andre tenkt på at straumprisen kan sprette til vers, og det er dei i dag glade for.
Halvor Halvorsen
Betalar 40-50 øre pr kw/t
Dei har ein maksimalpris på 18,5 øre. Plussar vi på nettleige og offentlege avgifter vil det seie ein straumpris på mellom 40 og 50 øre pr kilowattime, medan vi andre i dag må ut med over ei krone pr kilowattime. Når hotellet har eit årsforbruk på halvanna til to millionar kilowattimar, så blir det fort pengar av dette, seier marknadsansvarleg Halvor Halvorsen. Dei sparer 40.000 kroner i månaden no i vinter, seier han.
For seint å inngå avtale
Diverre er det lite håp for oss som ikkje har slik avtale akkurat no. For om du inngår ein slik avtale no, vil du nok spare så mykje; Desse avtalene må ein inngå når det er mykje vatn i bassenga og prisen låg, slik som til dømes i mai og august.