Hopp til innhold

Sp etter Ap-retretten: – Blir tøffe forhandlingar

Senterpartiet er klare for å forhandle om budsjett no som Arbeidarpartiet har snudd på gratis ferjer og sletting av studielån i distrikta.

– Vi er innstilte på å bidra konstruktiv, men det blir tøffe forhandlingar, seier Erling Sande, stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane i Senterpartiet.

Sande meiner Sp no har vist at dei spelar ei viktig rolle i norsk politikk. Eldreomsorg, kommuneøkonomi, skule og sjukehus er nokre av sakene Sande trur det blir tøffe forhandlingar om.

Men først var det avgjerande å at Ap fekk rydda opp etter seg.

– No har Ap gjort det einaste rette og rydda opp etter seg i kaoset dei skapte, seier Sande.

No fryktar han at Ap si vingling skal gå utover fleire.

– Sjølv om det var Ap som skapte denne situasjonen, så kan det gjere noko med inntrykket folk har til politikarar generelt.

Erling Sande (Sp)
Foto: NTB