Hopp til innhold

Kaja (19) og Emilie (18) synest det er tungt å stå opp

Når hausten no er her, føler mange seg uopplagde og har mindre energi. – Det skulle vore sydenreise på blå resept, seier søvnekspert.

STUDENTAR: - Det går ein del energidrikk om dagen! Kaja Isabel Lavik Wilson (t.v) og Emilie Ylvisåker Vedvik merkar at hausten sig på.

STUDENTAR: - Det går ein del energidrikk om dagen! Kaja Isabel Lavik Wilson (til venstre) og Emilie Ylvisåker Vedvik merkar at hausten sig på.

Foto: Ingrid Byggland / NRK

Dei ferske studentane Kaja Isabel Lavik Wilson og Emilie Ylvisåker Vedvik starta på sjukepleiarutdanninga i Førde denne hausten.

Til trass for at dei verkar både opplagde og smilande, merkar dei godt at hausten verkar inn på humør og energinivå.

– Det er mykje tyngre å stå opp om morgonen når det er mørkt ute, seier Kaja Isabel.

– Vêret har mykje å seie. Ein føler seg mykje trøyttare og ting blir litt tyngre til tider, seier 18-åringen Emilie.

Dei har merka seg at medstudentar kjem seinare eller droppar fyrste time for å sove lenger. Dei fortel at dei har fleire tunge fag, som også påverkar energinivået.

- Det er mykje me skal gjennom, så det hadde ikkje skada med litt meir overskot av energi. Men slik er det, det går no fint, seier Emilie med eit smil.

Søvnforskinga syner at dei ikkje er åleine om å føle seg trøyttare.

MYKJE Å LÆRE: Dei ferske studentane har mykje å lære før dei kan kalle seg sjukepleiarar.

MYKJE Å LÆRE: Dei ferske studentane har mykje å lære før dei kan kalle seg sjukepleiarar.

Foto: Ingrid Byggland / NRK

Lite dagsljos

Professor og leiar av nasjonalt senter for søvnmedisin på Haukeland universitetssjukehus, Bjørn Bjorvatn, seier at mange vil føle seg trøyttare no utover hausten.

Det vil vere mange grunnar til det. Det er nærliggjande å tru at det har litt med dagsljoset å gjere. Ljoset er viktig for å stille inn døgnrytmen, og påverkar hjernen på fleire måtar. Utan ljos går me litt i dvale.

Mange av oss opplever å få lite dagsljos i løpet av ein dag, då det er mørkt både når me går på jobb eller skule og når me kjem heim igjen.

Dei aller fleste av oss vil få ei endring i humøret og trøyttleik. Det er kanskje berre 10 prosent av oss som ikkje merkar noko endring frå sommar til vinter, seier Bjorvatn.

Han legg til at det er få som får alvorlege problem med dette, men det er viktig at dei det gjeld får tilbod om behandling.

Bjørn Bjorvatn, professor ved Universitetet i Bergen om søvnvansker.

PROFESSOR: – Utan ljos går me litt i dvale, seier Bjørn Bjorvatn.

Foto: Universitetet i Bergen

Sydenreise på blå resept

Bjorvatn seier at om det har vore ein dårleg sommar vêrmessig, kjem symptoma tidlegare enn om sommaren har vore god.

Ein får rett og slett ikkje lada batteria godt nok.

Så om ein er så heldig at ein kan ta seg ein tur til sørlegare strøk i løpet av vinterhalvåret, vil dette verke inn positivt.

Det skulle vore sydenreise på blå resept! Kanskje det er noko å føreslå for politikarane, seier Bjorvatn lattermildt.

Dørstokkmila er viktig

Børge Sivertsen, professor i psykologi og spesialist i søvnmedisin ved Folkehelseinstituttet, seier at forskinga viser at me faktisk er ganske flinke til å tilpasse oss ulike grader av ljosmengder.

Børge Sivertsen

SØVNFORSKAR: Børge Sivertsen rår oss til å ta turen ut.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Det har blitt spekulert i om det ligg noko fysiologisk til grunn. Melatonin, og kalla «søvnhormonet», som kroppen produserer, speler ei viktig rolle. Det blir produsert meir melatonin når det er mørkt og då blir ein søvnig. Men det kunstige ljoset me omgir oss med kompenserer for dette.

Han seier at grunnen til at fleire føler seg trøyttare om hausten, handlar mest om at det er vanskelegare å halde aktivitetsnivået oppe.

– Mange av oss blir meir stillesitjande no når kveldane blir mørkare. Desto viktigare blir dørstokkmila! Det kan vere tungt, men ingen angrar på ein tur ut.

Godt samvit

At det er meir freistande å sitje inne når det blir mørkare og gradestokken kryp ned mot null, er ikkje unaturleg for dei fleste av oss.

Søvnspesialist Sivertsen seier det kan vere vanskeleg å halde fram med dei gode rutinane mange har frå sommarhalvåret, men rår oss til å finne ei god rytme.

– Ved å tvinge seg sjølv ut, får ein frisk luft og får aktivert kroppen, som gjer at ein klarar seg betre resten av kvelden. I tillegg får ein godt samvit, og det hjelper også på, seier Sivertsen.

Tredjeårsstudenten Abdisalaam Mohamed (24) er og blant dei som merkar trøyttleiken sige på om hausten. Likevel klarar han å halde energinivået oppe.

– Trening og fire koppar kaffi i løpet av dagen! Men ikkje kaffi etter klokka 18, då får eg ikkje sove.

GODE RUTINAR: Abdisalaam Mohamed held energinivået oppe ved hjelp av trening og kaffi.

GODE RUTINAR: Abdisalaam Mohamed held energinivået oppe ved hjelp av trening og kaffi.

Foto: Ingrid Byggland / NRK

Snu tankegangen

Professor Bjorvatn seier til slutt at ein kan velje å snu på det. Tenke at det er fint at me har årstider. Kven likar vel ikkje å krype opp i sofaen, tenne stearinljos og kose seg inne når hauststormane rasar ute?

Tenker ein negativt, blir alt meir negativt enn det treng å vere. Og snart er det vår igjen!

Føler du deg trøyttare om hausten?