Hopp til innhold

Søndag bestemmer folket lagnaden til preikestolen

I mars 2015 forsvann preikestolen nærast sporlaust. Søndag bestemmer fleirtalet om den får kome inn att i varmen i Tønjum kyrkje.

Tønjum kyrkje - preikestol markert

INNE ELLER UTE: Kyrkjestyret i Lærdal ventar fullsett kyrkje søndag når lagnaden til preikestolen skal avgjerast. – Den sida som får færrast stemmer må akseptere avgjerda, seier Audun Mo.

Foto: Jan Christian Jerving / Arkivfoto

– Vi vil lytte til folket, og det er fleirtalet som bestemmer. Vi håpar på fullt hus, og eit godt fleirtal. Det verste vil vere om det blir nær 50-50, seier leiar i kyrkjestyret i Lærdal, Audun Mo.

Søndag skal det endeleg avgjerast om den 184 år gamle preikestolen skal stå i kyrkje aller ikkje. Saka har vekt stort engasjement i Lærdal.

For då kyrkjelyden i Tønjum møtte fram til gudsteneste 15. mars 2015 var preikestolen i den 184 år gamle kyrkja sporlaust vekke. Nærast utan forvarsel hadde kyrkjestyret teke vekk preikestolen, fordi dei tilsette ynskte betre plass i kyrkja. Det vart starta ein underskriftskampanje for å få stolen på plass att, og 375 personar signerte.

Preikestol på lager

LAGRA: No ligg stolen trygt plassert, slik at den ikkje skal kome til skade.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Torer ikkje spå utfallet

– Alle i Lærdal over 16 år, som er medlem av statskyrkja har stemmerett. Det blir litt som eit val, der vi har eige teljekorps og folk som skal passe på at alt ver gjort riktig, seier Mo, som sjølv ikkje vil ha ei bestemt meining om kva som er best.

Preikestolen ligg tørt og trygt lagra, slik at den ikkje kjem til skade. Planen var at ein først skulle avgjere om stolen skulle vere inne eller ute av kyrkja om eit år eller to til, men aksjonsgruppa for å få den plass igjen har søkt om å få saka raskare opp til avgjerd. No håpar Mo og resten av leiinga for kyrkja på fullsett kyrkje søndag.

– Det er vanskeleg å vite kva som blir utfallet. Det er veldig delt. Eg trur det kjem an på kven som klarer å mobilisere flest, seier Mo.