Hopp til innhold

Samla inn 375 underskrifter for å få preikestolen tilbake

Aksjonsgruppa for preikestolen i Tønjum kyrkje la i kveld fram 375 underskrifter på eit soknemøte for å få preikestolen tilbake i kyrkja.

Startar underskriftskampanje

FRÅ DØR TIL DØR: Hans A. Tønjum og Hans Hagheim er to av fire som har stått for innsamlinga av underskrifter for å få preikestolen tilbake i Tønjum kyrkje i Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving

– Vi la fram røystene og synt at det er eit stort fleirtal i soknet for å få att preikestolen. Vi har eit krav om å få preikestolen sett inn att der han stod, seier Hans A. Tønjum.

Aksjonistane har gått frå hus til hus i Tønjum sokn i Lærdal for å samle inn underskrifter for å få tilbake preikestolen i Tønjum kyrkje.

Det var søndag 15. mars at kyrkjelyden i Tønjum kom til gudsteneste og oppdaga at preikestolen var fjerna. Det har ført til eit sterkt engasjement blant mange.

Årsaka til at preikestolen vart teken vekk, var behov for meir benkeplass i kyrkja.

Håpar dei vert høyrde

Tønjum er godt nøgd med engasjementet i saka. Han er likevel forsiktig med å vere sikker på at preikestolen kjem på plass att i kyrkja.

– Men viss dei er villige til å høyre på kva fleirtalet av folket vil, så bør dei gjere det. Vi håpar dei høyrer på oss, og at dei heller finn andre løysingar, seier Tønjum.

Han peikar på at det også er fleire kyrkjer i Lærdal dersom plassen er for liten til einskilde arrangement i Tønjum kyrkje.

Tønjum kyrkje - preikestol markert

FJERNA: Tønjum kyrkje slik bygdefolket var vane med at det såg ut. No er preikestolen fjerna.

Foto: Jan Christian Jerving / Arkivfoto

Tek med seg forslaga vidare

Kyrkjestyreleiar i Lærdal, Audun Mo, seier soknemøtet var konstruktivt.

– Det møtte mellom 80 og 90 personar. Vi la fram kva grunnlag vi hadde gjort vedtaket på og aksjonsgruppa fekk leggje fram si sak. Det var eit godt møte med ein god tone, seier Mo.

Under møtet kom det fram fleire forslag frå salen, som kyrkjestyret vil ta med seg vidare.

– Det eine forslaget var at vedtaket som er gjort vert ei prøveordning i to år, ei anna løysing var å flytte preikestolen til ein annan plass i kyrkja, og eit tredje alternativ var å setje den tilbake der han var frå før, seier Mo.

Kyrkjestyret tek dette med seg til neste møte 16. april.

– Det er for tidleg å seie om det vert ei avklaring allereie då. Vi vil ikkje forhaste oss, men saka vil bli diskutert på det møtet, seier Mo.