Sommaren har ikkje teke heilt av i Sogn og Fjordane, men denne helga er det mange som har kosa seg. I går kvart det målt godt over 20 grader fleire stader i indre strøk av fylket.
Også i dag klokka 14 vart det målt behagelege 21,5 grader i Lærdal, Stryn hadde 21,2 og i Førde var det og over 20 grader.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Det står i skarp kontrast til Ytterøyane fyr i Flora som berre hadde 12,2 grader.
Statsmeterolog Steinar Skare lovar meir finever til solhungrige sogningar og fjordingar, og hjelp til dei som har slite med havskodde denne helga.
– Frå tysdag eller onsdag dreier vinden mot søraust, og då ser det ut til at havskodda forsvinn. Det kjem ein front inn frå vest, men slik det ser ut no blir det ikkje nedbør før på fredag.
Kanskje blir august den beste sommarmånaden i år. Det er iallefall då temperaturen i sjøen er høgst og tropettene flest.
VAKKER SOMMAR: Meterologane lovar sol på kysten denne veka
Foto: Erlend Blaalid Oldeide