Hopp til innhold

Festivalar reddar hotella

Festivalar og kulturarrangement utgjer stadig meir av levegrunnlaget for hotell og restaurantar i distrikta.

Sommarfesten i Førde 2011

SUKSESS: Gode besøkstal for dei mange festivalane i fylket gjer godt også får næringslivet.

Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK

På landsbasis står festivalpublikumet for ti prosent av gjestene ved hotella.

NHO meiner følgjene kan bli dramatiske dersom festivalane skulle miste fotfeste.

– På kort sikt kan det vere ganske dramatisk for eit hotell eller ein restaurant som har stor inntekt på grunn av ein slik festival. På lang sikt vil kanskje verksemda finne andre marknader eller inntektsgrunnlag, seier Ragnar Heggdal, president i NHO Reiseliv.

Stor pågang

Vadheim fjordhotell ligg langs E39, ein veg mange følgjer for å reise til dei tjuetals festivalane som blir arrangert i fylket.

Styrar Anita Høyvik vedgår at ho i sommar har merka stor pågang frå festivalpublikumet.

– Alle senger er oppbestilte lang tid i førevegen. Folk veit ikkje ein gang programmet når dei ringer og bestiller seg rom og sengeplass. Og dei kjem. At det betyr mykje, det gjer det, seier Høyvik.

– Har alt å seie

Fjordhotellet i Vadheim er ikkje dei einaste som nyt godt av dei mange festivalane. På Sande kro og hotell er krovert Per Kapstad nøgd med å ha nett ha teke del i suksessen til Førdefestivalen.

– Folk reiser langt for å vere med på ein festival. Slik som no, i Førde, så kjem dei gjerne på ein torsdag og blir ei heil veke. Det er familiar som kosar seg saman og har det veldig bra, seier han.

– Det har alt å seie. Skjer det ingenting, så kjem det ikkje folk heller, legg han til.

– Ein viktig faktor

Trenden er den same over heile landet. Heggdal meiner utviklinga er svært positiv, men meiner også at følgjene kan bli fatale dersom ein festival skulle miste fotfeste.

– I ekstreme tilfelle kan det ha så stor positiv betydning for reiselivsbransjen i eit område at det er ein viktig faktor for å overleve, seier han.

Ny festival på gang

På Sande og Vadheim reknar styrarane med at festivaldeltakarane så langt har utgjort nær 20 prosent av omsetnaden.

Dei vågar ikkje å tenkje på korleis sommaren hadde sett ut utan.

– Vi hadde merka god nedgang om ein ikkje hadde hatt festivalane, seier Kapstad. Til helga brakar det laust igjen med countryfestival på Breim.