Hopp til innhold

Resultatlaust søk pinsedag

Folk frå dykkarklubben i Høyanger og eit fly frå ein flyklubb i Bergen har i kveld førebels avslutta søket etter den sakna Ørjan Brattebø (27).

Søkjer med fly over Sognefjorden

SØK MED FLY: Politiet har sett inn eit fly i leitinga etter den sakna.

Foto: Robert Jan Leerink

Seint søndag kveld kunne politiet opplyse at flysøk og søk langs land med båtar og dykkarar vert innstilt for kvelden.

– Søket har i dag dessverre ikkje gjeve oss noko resultat, opplyser operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Venke Hope.

Vurderer meir søk

Friviljuge frå dykkarklubben i Høyanger har lagt ned mange timar dei siste to døgna, men det er framleis usikkert på om og når dei held fram leitinga.

– Det er mogleg at vi kjem til å reise ut at på fjorden måndag, men det er ikkje heilt avklara enda, fortel Thord Are Stølen i Høyanger dykkarklubb.

Eit fly frå ein flyklubb i Bergen var med på leitinga i dag. Wenke Hope i politiet seier det er operasjonssentralen som kalla ut flyet.

– Flyet gjer eit overflatesøk i deler av Sognefjorden. Dei kjem til å halde på ei stund når dei først er i gang, sa ho tidlegare i dag.

Dykkarklubben med nye søk

Knut Helge Sandvik og Ingvar Myklebust

LEITAR I FJORDEN: Dykkarane Knut Helge Sandvik og Ingvar Myklebust skal dykke i fjorden også i dag.

Foto: Privat

Høyanger dykkarklubb er også i dag ute på fjorden for å leite. I går søkte dei etter den sakna i fem timar utan resultat, i området frå Måren til Lånefjorden. Det var sterke straumar i fjorden og vanskelege leiteforhold. I 14-tida i dag tok dei opp at søket.

– I dag er det krystallklart og det er sikt på minst ti meter i vatnet, fortalde Thord Are Stølen søndag.

Dei heldt seg i det same området som i går, men etter kvart skal dei over på sørsida ved Geithus.

– Vi skal kanskje ha med oss ei klarsynt dame. Ho har kome med opplysningar om kvar han kan liggje. Denne dama har vore til hjelp før med å finne sakna personar, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Søkjer etter sakna i Sognefjorden

SØKJER FLEIRE STADER: Det har blitt leita ved Måren og mot Lånefjorden. Seinare skal dei mot Geithus på sørsida.

Foto: Thord Are Stølen

Har fått inn over 16 000 kroner

Astrid Refsdahl Henden

HÅPER FOLK VI GI: Astrid Refsdahl Henden har oppretta eit minnefond for å samle inn pengar.

Foto: Privat

Den sakna mannen fall over bord frå ein fritidsbåt vest for Vik tysdag kveld. 27 år gamle Ørjan Brattebø har truleg falle ut av båten mellom Arnafjord og Finnafjord. Den offisielle leiteaksjonen vart avslutta torsdag.

Brattebø var busett i Vik, men av opphavleg frå Høyanger. Det har no kome inn over 16 000 kroner til minnefondet etter den sakna mannen.

Fredag starta Høyanger-kvinna Astrid Refsdahl Henden innsamlinga for å få til nye søk i privat regi. Målet er å få nok pengar til å leige inn spesialfartøyet KNM Tyr som har utstyr til å leite i djupna.

– Kontoen aukar heile tida og eg oppmodar folk om å gi. Over pinse skal eg ta meg ein runde til bedriftene i området i håp om meir støtte, seier ho.

Håper familien skal få ei grav å gå til

Ho har vore i kontakt med lensmannen og over helga skal han prøve å få kontakt med KNM Tyr. Men for at den båten skal komme, treng ho mykje pengar. Då den var sett inn i eit privat søk i Årdal for sju år sidan, gjekk det med 70 000–80 000 kroner i døgnet.

– Eg trur vi må ha minst 100 000 kroner for å få den hit. Eg håper flest mogleg vil bidra. Det viktigaste no, er at familien skal få ei grav å gå til, seier ho.

Ørjan Brattebø Minnefond har kontonummer 3705 21 69519.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.