Hopp til innhold

Politiet har sett båtføraren i arrest

Mannen som førte båten, der ein mann fall overbord og truleg omkom, må tilbringe natta på glattcelle i Sogndal. Han har vore så rusa at han ikkje har klart å gjere greie for kva som eigentleg skjedde.

Ulukke Vik

ETTERFORSKAR: Politiet sjekka onsdag kveld småbåten for spor. Då låg båten ved kai i Vik i Sogn.

Foto: Kjell Brekke

Det stadfestar politiet overfor NRK seint onsdag kveld. Operasjonsleiar Einar Vereide seier at politiet i Vik, med bistand frå lensmannskontoret i Sogndal, har leia etterforskinga.

Onsdag kveld hadde dei ikkje anna val enn å setje den mistenkte båtføraren på glattcelle. Det var bt.no som først fortalde at politiet har sikta mannen for ruspåverka køyring med båt.

Sterkt rusa

– Årsaka til det er at vi har forsøkt å avhøyre denne mannen i løpet av dagen. Det har så langt ikkje framkome opplysningar som fortel oss nøyaktig kva tid og kvar dette skjedde, seier Vereide.

– Vil det i praksis seie at mannen har vore for rusa til å late seg avhøyre?

– Ja, det kan virke som det, og vi har funne grunn til å ta nye avhøyr i morgon, sler operasjonsleiaren fast.

Leiter etter person i Sognefjorden

HELD FRAM LEITINGA: Røde Kors-folk leita onsdag kveld etter den sakna mannen mellom Kvamsøy og Sæle i Balestrand.

Foto: Robert Jan Leerink / NRK

Utvida blodprøve

Politiet har og teke utvida blodprøve av mannen, noko som då kan stadfeste eller avkrefte om mannen var rusa på noko anna enn alkohol.

– Vi har sikra oss blodprøve av mannen som ein følgje av mistanken om å ha ført båten i påverka tilstand, seier Vereide.

Han stadfestar at mannen har vore i avhøyr store deler av ettermiddagen og onsdag kveld, men at forklaringa har vore så uklar at det i det heile er vanskeleg å finne ut kva som eigentleg har skjedd ombord i småbåten.

Ulukkesbåten

SLEPT VEKK: Her blir ulukkesbåten slept vekk frå kommunekaia i Vik etter at politiet hadde sikra den for spor i saka.

Foto: Kjell Brekke / NRK

Uklart kva som skjedde

Det som truleg er ei tragisk ulukke, vart først varsla onsdag ettermiddag då mannen kom til Vik med ein småbåt.

– Melder har gitt beskjed om at han mista ein kamerat over bord i Sognefjorden mellom Arnafjorden og Finnafjorden. Dette skal ha skjedd ca 200–300 meter utanfor ein liten plass som heiter Geithus, sa Jan Rikart Lillebøe som er redningsleiar ved Hovudredningssentralen til NRK onsdag ettermiddag.

Men avhøyra av mannen har ikkje gjeve politiet noko klart bilete av kva som eigentleg skjedde ombord i den vesle plastbåten. Mannen som forsvann på sjøen var kun ikledd ei avklipt dongeribukse då ulukka skjedde.

Held fram leitinga

Leiteaksjonen etter mannen vil halde fram torsdag føremiddag, men det er eit stort geografisk område å leite i.

– Vi hadde jo primært ein redningsaksjon gåande til klokkka halv åtte onsdag kveld, den er avslutta. Vi vil halde fram søk etter truleg omkomen torsdag. Det vil skje på sjøen og langs land med båtar og leitemannskap, seier operasjonsleiar Einar Vereide.

seaking og båt

LEITA FRA LUFTA: Redningshelikopteret vart raskt sett inn i leitinga etter den sakna mannen.

Foto: Lars Finden

I løpet av onsdagen gjekk politiet og til det steget å ransaka huset der den no sikta mannen har opphalde seg den siste tida, i tillegg til at småbåten han førte også har blitt grundig sjekka.

– Mannen vert iallefall sitjande i vår varetekt til torsdag morgon, stadfestar politiet.