Hopp til innhold

Søkjer på nytt etter Charlotte

Leitinga etter 17 år gamle Charlotte Moene, som har vore sakna i eit halvt år, vil bli sett i gong igjen i løpet av veka.

Charlotte Moene

Charlotte Moene har vore sakna i eit halvt år.

Foto: Politi / NRK

Dette opplyser familien sin talsmann, Helge Rørvik, til Sogn Avis. Moene har vore sakna sidan juli i fjor etter at ho ikkje møtte til ei avtale. No har familien kontakta firmaet Sperre as som er på veg til Årdal for å gjere nye søk i Årdalsvatnet.

Gode referansar

- Sperre har veldig gode referansar og skal vere ein av dei aktørane her i landet som har funne flest omkomme under vatn. Dei har og veldig bestemte teoriar om kvar dei meiner det er best å leite, basert på eigne erfaringar og informasjon dei har fått om leiteaksjonen, seier talsmannen til Sogn Avis.

Enorme ressursar har blitt brukte for å finne Charlotte Moene. Minnefondet som har teke store delar av den økonomiske belastinga er i ferd med å bli tømd.

20.000 kroner døgnet

- Vi betalar rundt 20.000 kroner døgnet, så per i dag har vi til knappe tre dagar. Vi veit også at det kan la seg gjere å skaffe litt fleire midlar, for fleire får næringslivet i bygda har kontakta oss og sagt at dei vil bidra, seier Rørvik.

- Familien er sjølvsagt budde på å dekke med eigne midlar, men eg tykkjer det er litt for gale, seier talsmannen.