Hopp til innhold

Søker med miniubåt i Årdalsvatnet

Ein miniubåt har i dag søkt etter den sakna Charlotte Moene i Årdalsvatnet - utan resultat. Søket held fram på søndag.

Søk med undervasskamera i Årdalsvatnet

Miniubåten skal denne gongen leite i område av Årdalsvatnet der det ikkje har vore søkt tidlegare. Dette biletet er frå det første søket i vatnet.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Fredag vart det siste søket i Øvstetunfossen og Fardøla avslutta utan resultat. Elva er no gjennomsøkt og den offentlege leiteaksjonen er no avslutta.

Private pengar

Men det vil framleis verte leita etter den sakna 17-åringen som forsvann frå heimen sin i Øvre Årdal 9. juli i år. Det private minnefondet har kring ein halv million kroner igjen, og for desse pengane har dei no leigt inn ein miniubåt som skal leite i Årdalsvatnet fram til onsdag. Miniubåten som er utstyrt med eit kamera kostar 60.000 kroner dagen å bruke.

Søker i nye område

Laurdag føremiddag starta søket i vatnet.

- Vi søkjer langs breidda mot Øvre Årdal, i tillegg til eit område det ikkje har vore søkt i tidlegare, seier Helge Rørvik som koordinerer den private leiteaksjonen.

Får hjelp av hundar

I tillegg er det planlagt eit overflatesøk på Årdalsvatnet i 19-tida laurdag, der sju-åtte småbåtar med frivillige skal delta.

Planen er at miniubåten skal søke i Årdalsvatnet fram til onsdag. I tillegg ventar Rørvik å få hjelp av to likhundar på tysdag. Hundane skal kome til Årdal på måndag kveld.