Hopp til innhold

Sogningar med unikt treningssenter lokkar pengesterke kundar

To sogningar står bak eit eksklusivt treningstilbod på Aker Brygge i Oslo. Medlemmane betaler gjerne 8800 kroner i månaden for å trene her.

Pål Hauge og Frode Raunehaug

PERSONLEGE TRENARAR: Pål Hauge frå Luster og Frode Raunehaug frå Kaupanger lokkar folk med ferdigvaska treningsklede og god oppfølging.

Foto: Privat

Frode Raunehaug frå Kaupanger driv Studio Jobbsprek saman med Pål Hauge frå Luster og Hild-Elin Hjelmeland frå Sunnmøre. Kundane deira får ferdigvaska treningsklede og ein proteinshake i sofagruppa når ein er ferdige med treninga

Treng ikkje ta med seg noko

Eit fullt medlemskap kostar 8800 kroner og inkluderer to timar med personleg trenar i veka. I tillegg kan dei trene på eiga hand når dei ønskjer det. I medlemsskapet ligg også gode som nyvaska treningsklede, hygieneprodukt, proteindrinkar og ulike fysiske testar.

–Dei som har eit fullverdig medlemskap, treng ikkje ta med seg noko når dei kjem for å trene hos oss, seier Frode Raunehaug til NRK.no.

Alle slags folk som kundar

Hauge og Hjelmeland starta treningssenteret i desember 2010 og Raunehaug blei med i januar i fjor. Dei to sogningane har ei mastergrad frå Norges idrettshøgskole og har tidlegare jobba ved det største treningssenteret i Oslo.

– Vi har jobba lenge i bransjen og ville starte for oss sjølv med eit heilt nytt tilbod, seier han.

Treningssenteret har i dag 25–30 kundar som betaler fullt medlemskap, i tillegg til fleire hundre som har klippekort.

– Vi har allslags folk som kundar, men det er klart at finanseliten høyrer jo til her i området. Mange av dei som trenar hos oss, bur og jobbar på Aker Brygge.

Kundane stiller krav

Aftenposten skriv om ein advokat som nyttar det eksklusive treningssenteret for å komme i form til han skal sykle det 19 mil løpet mellom Lillehammer og Oslo.

Raunehaug trur grunnen til at mange vel personleg trenar, er at dei har knapt med tid.

– Mange treng også ein fast avtale for å få trent. Nokre har lite kunnskap og treng hjelp til å komme i gang. Om du trenar i lag med ein trenar, er det også lettare å yte meir.

– Kva forventningar har kundane dykkar?

– Det er vel slik at jo meir du betaler, jo meir forventar du. Vi blir stilt krav til og vi må heile tida levere kvalitet. Kundane er utelukkande positive og dei fleste vil halde fram med å trene hos oss. Vi har eit flott treningsstudio, fine garderobar og det utstyret som trengst.

(Artikkelen held fram under biletet)

Studio Jobbsprek på Aker Brygge

MED LYSEKRONE: Treningsstudioet har både sofagruppe og lysekrone.

Foto: Frode Raunehaug

Jobbar døgnet rundt

Å vere personleg trenar er ein spesiell jobb der ein heile tida må tilpasse seg kundane. Det er viktig å vere oppteken av eiga helse for å vere truverdige. Det er heller ingen åtte til fire-jobb å drive eit treningssenter.

– Det er veldig kjekt, men også mykje jobbing. Det går stort i jobb døgnet rundt.

Med ei god sofagruppe og lysekrone i taket, blir det også ei koseleg stemning for kundane som skal slappe av litt etter treninga.

– Det er ein del av konseptet. Kundane skal bli tekne vare på her, seier han.