Hopp til innhold

Sogndal vart knust av Sandnes Ulf

Sogndal fekk så hatten passa i treningskampen mot Sandnes Ulf på La Manga. Kampen enda 8–0 til rogalendingane.

Sandnes Ulf jublar etter eitt av åtte mål mot Sogndal

ÅTTE MÅL: Sandnes Ulf sine spelarar jublar etter eitt av åtte mål mot divisjonskollega Sogndal.

Foto: Morten Olsen / Digitalsport

– Det er sjølvsagt skammeleg og for dumt at det blir slike siffer. Dette er langt frå bra. Eg tykkjer mest synd i dei unge som får sjansen og så blir det så hjelpelaust, seier fotballekspert Jon Navarsete til NRK.no.

Med berre to treningskampar igjen til seriestart, fekk Sogndal den verst tenkjelege oppladinga i treningskampen mot Sandnes Ulf på La Manga.

Kampen enda heile 8–0 til den nyopprykte divisjonskollegaen:

  • 2 min: 1–0 Kamal Saaliti
  • 3 min: 2–0 Kamal Saaliti
  • 30 min: 3-0: Kamal Saaliti
  • 37 min: 4–0 Gilles Ondo
  • 49 min: 5–0 Aksel Berget Skjølsvik
  • 62 min: 6–0 Aksel Berget Skjølsvik
  • 65 min: 7–0 Vegard Aanestad
  • 73 min: 8–0 Fredrik Torsteinbø

Kampfakta er henta frå firda.no si liveoppdatering.

– Vi hadde ti målsjansar og leia 4–0 mot en eliteseriemotstandar til pause. Slikt er surrealistisk, vedgjekk Sandnes Ulf-trenar Asle Andersen overfor Aftenbladet.no etter kampen.

– Folk må gjerne seie at det berre var ein treningskamp, og at det ikkje betyr noko når serien startar, men eg trur nok vi har det ganske mykje betre enn Sogndal-spelarane akkurat no, seier tremålsscorar Kamal Saaliti til Rogalands Avis.

Lurer på om dei fekk solstikk

Jon Navarsete

VANSKELEG Å FORSTÅ: Fotballekspert Jon Navarsete lurer på om Sogndal har fått solstikk på La Manga.

Foto: Arve Uglum / NRK

Jon Navarsete seier Sogndal har hatt store tap før, men då har det vore mot andre tippeligalag. Han forstår ikkje korleis det kunne ende slik i dag.

– Det er vanskeleg å forstå. Det har nok ein samanheng med at det er mange ferskingar på laget i dag. Men dette eit lag som kollapsar og gir opp. Det er betenkeleg når det er tre veker til seriestart. Dette er ein vekkjar og no går nok kvar enkelt spelar i seg sjølv.

Navarsete seier dette har med respekt og verdigheit å gjere, ovanfor tilhengjarar, sponsorar og ikkje minst seg sjølv.

– Fortel dette resultatet noko om kva haldningar ein går til ein slik kamp med?

– Ja, eg får det ikkje heilt til å stemme. Eg veit ikkje om dei har fått solstikk i varmen, seier han til NRK.no.

Fleire sentrale spelarar ute

Sogndal spelte utan mellom andre Ole Jørgen Halvorsen, Hannu Patronen, Stéphane Diarra Badji, Taijo Teniste og Per Egil Flo.

Desse starta for Sogndal: Kenneth Udjus, Ruben Holsæter, Gustav Valsvik, Eirik Skaasheim, Ørjan Hopen, Stian Dyngeland, Henrik Furebotn, Peter Aase, Tony Brochmann, Ulrik Flo og Tore André Flo.